Tankeveven


Dikt
mai 31, 2010, 10:34
Filed under: Master | Stikkord: , ,

Eg drøymer om bading og grilling,
heile dagen lang.

Ikkje meir skriving og tenking,
på oppgåva så vrang.

Eit liv utan eksamen,
eit liv med vakrare klang.

Advertisements


Stupid is the new loud
mai 28, 2010, 13:02
Filed under: Resten | Stikkord:

Seier Hilde Sandvik i ein super kommentar i BT. Om dårleg tv, at folk ser på det, og om korleis politikarar, media og næringsliv tener på at folk er dumme.

Kommentarfeltet er òg fantastisk. Mange er einige med Sandvik og det gjer meg glad. I tillegg er der morosame kommentarar som denne:

Kan dere slutte og skrive artikkler på nynorsk? Evt ta med en oversettelse på Bokmål.. Dette er jo helt forferdelig å lese..
Bokmål, skrives av cirka 85% av befolkningen til info…

Ja, kva kan ein seie?

Eg elskar kommentarfelt. Dei aller fleste er gøye å lese. Dei einaste kommentarfelta eg må halde meg langt unna for å kunne ha ein hyggeleg og produktiv dag er til artiklar om likestilling generelt og homorettar spesielt, i tillegg til om miljø/klima generelt og bybanen spesielt. Dei vert eg alltid trist og sint av. Og mistar totalt trua på verda. Men kommentarfeltet til ein artikkel om at folk er dumme gjer tvert imot dagen betre. Takk til Turid som viste meg kommentaren til Sandvik, og hurra for det!



Nydusja Fant
mai 27, 2010, 21:24
Filed under: Resten | Stikkord:

Me dusja katten i dag!  Det var dramatisk. Og traumatisk. For både han og oss.

No vaskar han seg som ein gal, medan han skjelv av kulde og berre vil ligge heilt inntil. No når han er ferdig å vere sint på oss. Ikkje lett å vere dekt av pels.

Får håpe han vert fin!

Om blikk kunne drepe!



Lesesal og blåtann
mai 27, 2010, 13:09
Filed under: Master | Stikkord: , ,

I dag var eg, og til tider er eg, aleine på lesesalen. Det er keisamt. Difor tok eg eit bilete av pulten min, med mobilen, som eg så skulle overføre til pc-en via den fancy teknologien «bluetooth». Det viste seg lettare sagt enn gjort, då eg på eit tidligare tidspunkt har slått av prosessen som skal starte blåtann på pc-en min, noko eg sjølvsagd hadde gløymd.

Men etter mykje frustrasjon og alle slags prøvde tiltak hugsa eg på dette igjen, og kan difor laste opp dette vakre biletet:

Her er pulten min, med den fine pc-en.



Sjukehus og distriktspolitikk
mai 26, 2010, 13:03
Filed under: Resten | Stikkord:

«– Helse Midt legg opp til total nedlegging av Volda sjukehus. Både føden og akutten skal fjernast.»

Seier Sunnmørsposten. Eg som hadde håpa at det skulle kome noko godt ut av den askeskya frå Island. I alle fall at ein såg at det kan vere smart med akuttilbod såpass nært at ein ikkje treng helikopter for å få hjelp.

Argh. Kvifor må alt handle om økonomi?



Grafar
mai 24, 2010, 14:48
Filed under: Master | Stikkord: ,

Eg lagar grafar. Pene grafar med fargar på. Men eg vil ha ein med to x-aksar. Det får eg ikkje til.

Får du det til?



Aprilsnarr?
mai 22, 2010, 14:26
Filed under: Resten | Stikkord:

Eg klarar ikkje å tru at dette er alvor. Hadde det berre vore 1. april.

Skuleelevar i Texas, og dei mange som kjøper skulebøker frå Texas, skal ikkje lenger lære om slaveri, men om «Atlantic triangular trade». Heller ikkje evolusjonsteorien skal dei lære om, og FN i tillegg til store miljøorganisasjonar skal omtalast som ein trussel mot amerikanaranes individuelle fridom. I tillegg til andre fine endringer i faget.

«They’re making a huge issue out of some very small changes. The people of Texas are simply trying to stop atheists and the extreme civil liberties lobby from taking over their history.» The independent