Tankeveven


Mindretalsdiktatur og barnehagar
mai 18, 2010, 18:36
Filed under: Resten | Stikkord: ,

11. mai var Øyvind Benestad i Vårt land og ba foreldre protestere mot «snik-homofisering av barnehagen». Dette var ein reaksjon på at regjeringa har oppfordra barnehagar til å bruke eventyr og bøker med homofile karakterar. I tillegg vert dei oppfordra til å bruke historiar som har andre kjønnsrollemønster enn dei tradisjonelle, mellom anna prinsessa som reddar prinsen, og kongen som heller vil vere med borna sine enn å styre riket.

I følgje Benestad er dette å utsetje norske born for radikal homoideologi, og  at borna no kjem til å spørre seg sjølv om dei er hetero, homo, bi eller poly frå dei er 3-4 år. Han meiner at homokampen berre er i første fase i kampen for å skape eit samfunn kjenneteikna av samlivsmessig anarki, der alt skal vere like naturleg, normalt og bra. At den lille andelen homofile i Noreg skal få legge premissa for staten og barnehagane sin samlivsideologi kan med rette kallast mindretalsdiktatur, seier Benestad.

Ein annan som har reagert på dette er Amir Tauqir Chaudhary, som har starta ei gruppe på facebook mot at barnehageborn skal lære om homofili, då det er eit svært komplisert og omdiskutert tema. Det er mange element i ein læringsprosess, det er ikkje berre  fortelje ting og  rekne med at borna skal skjøne det. Han meiner det strider mot born sine rettar å lære om homofili, då det ikkje gjev dei fridom til å velje, tenke og rett på informasjon nevnt i barnekonvensjon ifra UNICEF.

Er det betre for samfunnet å ha eit fleirtalsdiktatur, der den heterofile majoritetn kan gifte seg, men ikkje den homofile minoriteten? Eller eit samfunn der alle kan gifte seg, fordi lova fekk fleirtal på Stortinget, av dei politikarane fleirtalet i staten har stemt inn? I demokrati skal ein ta vare på minoritetane, elles kan det lett bli fleirtalstyranni. Då hadde det ikkje gått vegen for dei konservative kristne heller, vil eg tru.

Argumenta til motstandarane får meg til å lure på kva det er dei trur barnehagane skal fortelje borna. Eg tvilar på det er anna enn at «dei fleste menn likar kvinner, men nokon likar menn». Ei som kommenterte eit av desse innlegga ønskte at hennar born skal høyre om homofili frå ho først, ikkje av andre. Ho hadde fått høyre om homofili første gong på skulen, og då hadde ho blitt livredd sidan ho aldri hadde høyrt om dette før. Vel, kanskje det er nettopp for å unngå slike situasjonar når ein har blitt større at born har godt av å lære at det finst meir enn ein type familie, allereie frå dei er små.

Den interesserte kan lese heftet her.

Hurra for mangfald i barnehagane!

Advertisements

2 kommentarar so far
Kommenter innlegget

Øyvind Benestad (og Espen Ottosen) legg ein dempar på livsgleda mi.

Kommentar av Ragnhild

Det kan du trygt seie!

Kommentar av linerla




Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s



%d bloggarar likar dette: