Tankeveven


Ferje
juni 27, 2010, 21:33
Filed under: Resten | Stikkord: , , ,

Lenge sidan sist. Eg har vore på vakre Sunnmøre, kost meg mellom fjell og fjord. Gitt livet mitt til VØR og plassert resten i nokre kasser og posar.

I dag tok eg buss tilbake, på turen tek eg mange ferjer. Eg tenkte å presentere mitt ferjetriks:

Av dei som går ut av bilane og bussane og inn på ferja skal mange på do. Og alle stiller seg foran dei første doen dei ser. Ved å gå i ca 30 sekund til finn eg alltid ein do der det er ingen kø. Eller berre éin person. Då slepp eg å kaste vekk mykje tid i kø, tid eg kunne brukt på å lese. Det gjer eg berre på ferjene. Så eg føler meg like smart kvar gong eg går dei metrane ekstra.

På tysdag skal sommarferien halde fram. Eg, frøkna og syklane våre skal ta toget i eit døgn. Det vert kjekt!

Advertisements


Flaskevatn
juni 11, 2010, 11:54
Filed under: Master, Resten | Stikkord: ,

Eg har jo no nettopp skrive ei oppgåve om vatn. I prosessen har eg lest om alt for mange som har utruleg dårlege vilkår for drikkevatn. Då eg sat i innspurten av denne oppgåva kom eg over desse artiklane hos Aftenposten: Flaskevann er tryggere enn springvann, og gamle rør kan gi mer magesyke.

Desse artiklane rakkar ned på kvaliteten på drikkevatnet i Noreg. Det er greitt nok det. Dårlege rør og vannverk utan rensing er ikkje bra, og så mykje vatn og pengar som me har burde me vente å ha godt drikkevatn. Men likevel gir artiklane inntrykk av å vere ein slags reklame for flaskevatn. Det aller meste vatnet i Noreg i dag er trygt. Samanlikna med dei fleste andre land er vatnet vårt fantastisk.

Flaskevatn har mange problem, det er ikkje slik at ein burde gå over til det for å vere trygg. I alt for mange land som har trygt vatn i springen drikk ein flaskevatn i staden, av redsel, eller fordi det smakar noko betre. Sjølv om mykje flaskevatn kjem frå same kjelda som springvatnet, sjølv om flaskevatn er mange gongar dyrare, sjølv om flaskevatn er mange gongar verre for miljøet. Her er ein fin film om flaskevatn:

The story of bottled water



Katt
juni 11, 2010, 11:19
Filed under: Resten | Stikkord: ,

No når eg har ferie og er arbeidsledig tenkte eg at eg skulle ha mykje kvalitetstid med katten. Det tenkte visst ikkje han. Av og til ser me han i nokre glimt når han kjem inn for å ete, slik som her:

Fant hoppar både inn og ut. Sprek liten katt.



Lisens
juni 8, 2010, 20:43
Filed under: Resten | Stikkord:

Lisenskontrolløren dukka plutseleg opp. Han måtte vel kome til slutt. Etter fem år i Bergen måtte det skje. Skal seiast at eg stort sett ikkje har hatt tv desse åra, men likevel.

Så i dag vart me lovlydige borgarar. Fullt ut. Puh.

Eg er jo for lisens, dessutan. Har vore litt teit å vere for lisens utan å betale det sjølv. Så no kan eg fullt ut vere for, både lisens og nrk. Det er gode greier i alle fall!



Då var det gjort!
juni 5, 2010, 10:22
Filed under: Kva no?, Master | Stikkord:

Oppgåve innlevert.
Feiring gjort.
Soving  gjort.

Klar for eksistensiell krise: Kva no?



Bygyr?
juni 2, 2010, 12:03
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Gebyr er tydelegvis eit vanskeleg ord. I denne BT-artikkelen har dei klart i alle fall tre ulike måtar.

«Nå har de økt begyrene igjen». Står på BT-framsida.
«Gybyrene doblet på tre år». Står øvst i artikkelen.

Men dei klarar det til slutt, og overskrifta er slik: «Norwegian har økt gebyrene – igjen».

Moromoro.



Lesesalen
juni 2, 2010, 10:40
Filed under: Master | Stikkord:

Skru på lyset på lesesalen, skru av lyset på lesesalen, skru på lyset på lesesalen.

Men etter i morgon har eg ferie for alltid. DET vert fint det.

Ofte er det berre meg her. I går var det fleire hyggelege menneske her, og me snakka saman, høgt, inne på lesesalen. Det kjentes herleg ulovleg.