Tankeveven


Regn
august 31, 2010, 08:26
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag sykla eg til jobb, i regnet. Mange andre sykla, mange gjekk. Det er ikkje like koseleg å sykle til jobb når det er regn. Alle ser ned. Og eg ser ned. Eg kunne ikkje sjå opp om eg ville ein gong, for regnet kom rett i augene mine, i tillegg til at nokon har stelt framskjermen på sykkelen min, så det kom enda meir regn i ansiktet mitt enn det elles hadde gjort.

Likevel veg det litt opp for at det er mindre koseleg at eg føler ein slags fellesskap med alle andre som er ute i regnet med regntøy (ikkje dei som har paraply, dei ser jo like fine ut som vanleg). Regntøy, som vert vått og må henge til tørk når me kjem fram, heilt til me skal ut i regnet og det vert vått igjen. Eg likar å sjå på dei andre som har regntøy. Kunne berre ønskje eg kunne sjå litt betre gjennom regnet.

Advertisements


Sjef
august 26, 2010, 15:18
Filed under: Jobb

Eg har den kulaste sjefen i verda. Opptil fleire av dei faktisk.

Så kul skal eg òg bli ein dag.



«Slipsalarm»
august 24, 2010, 16:43
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Det skal ikkje vere lett dette her med å kle seg. Eg likte denne kronikken, sjølv om eg nok trur det ikkje er like lett å vere feminin homofil mann som ho framstiller det. Det er nok ein balansegang mellom det feminine og maskuline som må beherskast og balanserast til det fulle for at dei skal bli dei populære homofile mennene. Samtidig er Ellen DeGeneres svært populær, og ho kan òg kunsten å balansere mellom det feminine og maskuline. Eg trur ikkje det er lett å vere korkje «traktorlesbe» eller «skrulle» om ein skal bli populær hos det store fleirtal.

Eg tenkjer sjølv når eg kler meg at det ikkje må vere «for homo», for då tenkjer alle at det er fordi eg er skeiv eg kler meg slik (tenkjer eg). Medan eg heller ikkje vil kle meg «for hetero», for det er jo ikkje meg (handveske og høge helar og liknande til kvardags). Kanskje eg har beherska balansen når eg er på DeGeneres sin alder. Eg håpar det.

Kva er det forøvrig som skjer for tida? Først gjorde Gro Hammerseng og Katja Nyberg det slutt, og no Vibeke Skofterud og kjærasten. Kva er dette for ein bølgje? Og så Hammerseng og Nyberg då :(

Hadde eg vore litt eldre og litt meir sporty og litt meir einsleg, kunne eg kanskje sett på dette som positive hendinger ;)



Kvardagsliv
august 23, 2010, 22:55
Filed under: Jobb | Stikkord:

Eg har byrja å jobbe på skikkeleg no.

Namnet mitt står utanfor kontoret.
Namnet mitt står på ei posthylle.
Eg har eit inngangskort.
Eg et lunsj klokka 12.

Eg skal til og med få løn!



Ubuntu
august 13, 2010, 11:57
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Endeleg har internett vore ganske bra lenge nok til å laste ned Ubuntu igjen! Hurra!

Så no er eg ikkje avhengig av kapitalistmicrosoft lenger. Gode tider.



Jobb
august 12, 2010, 07:37
Filed under: Jobb | Stikkord:

I går var eg på jobb, og hadde dei viktige oppgåvene med å lage kaffe og setje fram frukt.

Eg er ein klisjé på ung kvinne i ny jobb.

(Men er forøvrig 99% sikker på at det vert svært lite kaffelaging når denne veka er over.)



Sommaren nærmar seg slutten
august 10, 2010, 08:32
Filed under: Kva no?, Resten | Stikkord: , , ,

og sola kom ikkje tilbake. Nesten ikkje, i alle fall.

Eg har dårleg internett, så får korkje surfa eller spelt wow. Det har vore ei vanskeleg tid. Ein kan godt seie eg burde finne på noko anna, og det har eg gjort, eg har laga lange innfløkte familieforhold på sims.

No er denne gode tida med ingenting straks over, då eg plutseleg fekk ein jobb, og skal starte min akademiske karriere.

Elles føler eg eg burde engasjere meg i kraftlinjene over Hardanger, men eg klarar det ikkje heilt, og synes det er heilt greitt at SV har valt kampen mot olje i nord i staden for kampen mot kraftlinjene, så lenge dei snart kjem opp med nokre alternativ til olje i nord, sånn at andre stemmer på dei òg.  Dessutan vil dei byggje kraftlinjer gjennom Hjørundfjorden òg. Er det noko betre kanskje?