Tankeveven


Ull
november 25, 2010, 23:29
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Eg har fått meg ullbukse!

I fjor vinter såg eg at borna Frøkna passar hadde ullbukser, og vart svært misunneleg. Eg leitte og leitte etter noko slikt i voksenstørrelse, men neida. Heilt til i dag! I dag fann eg Devold ullbukse. Pen og rutete, og fantastisk behageleg. Mjuk og varm. Tenk at dei klarte å finne på noko sånt heilt utan at eg sa det til dei! Eg trur eg må ha telepatiske evner.

Den ultimate «kosebukse».

Katten og buksa chillar i sofaen

Advertisements


Bussar
november 25, 2010, 15:23
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Bussar er teite. Ikkje berre bilar. Finst alt for mange teite bussar. Bussen mellom Bergen og Volda til dømes, er svært teit.

Siste buss frå Bergen: 12.20.
Siste buss frå Volda: 13.15

Kven som er ferdige på jobb 12.20 og 13.15? Så langt er det no ikkje. Dette har irritert meg i mange år – men først no har eg ein jobb, og gir irritasjonen eit reelt grunnlag.



Politikarlogikk
november 24, 2010, 08:54
Filed under: Miljø | Stikkord: ,

Å ta vekk vrakpanten på vedovnar vil jo definitivt gjere at fleire folk kasserer vedovnane sine…



Ver snill med Danmarksplass
november 23, 2010, 10:30
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Oppfordring frå kommunen:

  • La bilen stå om du har anledning til det – reis kollektivt.
  • Unngå vedfyring om du kan klare deg med annen oppvarming.
  • Praktiser kameratkjøring i stedet for én person i hver bil.

Me fyrar ikkje (me har så gamal ovn at det kan me ikkje drive med i desse tider), me køyrer ikkje og tek nesten ikkje buss heller. Likevel er det oss det går utover, oss som bur på Danmarksplass. I gata vår er det nesten like mange bilar på dagtid som på kveldstid, det er altså ikkje dei lokale som startar det her. Så me held fram med å fryse både inne og ute, medan luftkvaliteten vert verre grunna matpakkekøyrar frå Fana, handlingslamma politikarar og elendig byplanlegging.

Byplanlegging ftw.



Sjukehus og distriktspolitikk
november 12, 2010, 10:35
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Av og til likar eg kommentarfelta. Dette er ei av dei anledningene. Eg forstår ikkje kvifor absolutt alt skal handle om pengar. Sidan det har kome nye reglar som krever at dei må tilsetje fleire spesialistar på fødeavdelingane vil dei heller legge ned Volda og gjere det til fødestove, og oppgradere Ålesund. Det skal då bli tryggare for alle. Det eg ikkje skjønar er korleis det kan vere tryggare for dei som soknar til Volda å få born hos ei fødestove, enn på den betre avdelinga som er der i dag, men som ikkje er like bra som det reglane krever at det no skal bli. Om nedbygging er konsekvensane av nye reglar, så er det vel ikkje godt for nokon.

Dette gjeld jo heller ikkje berre fødeavdelingane – dei vil gjere det same med akuttmottaket. Samtidig som Helse Vest legg ned det meste som skjer nord for Førde i deira region, vil Helse Midt legge ned det meste som skjer sør for Ålesund i deira region. Så då vert det eit fint lite hol på midten.

Om det vert nye fylkeskilje nokon gong håpar eg Møre og Romsdal vert delt på midten. Trur Sunnmøre har meir å bidra med på Vestlandet enn i Midt-Noreg, der skjønar dei i alle fall litt meir av infrastrukturen. Er ikkje berre berre å legge ned aktivitetar når det er fjordar og fjell alle vegar.

Det skal seiast at eg ikkje veit alt om sjukehusdebatten på Sunnmøre, sikkert mykje viktig eg burde setje meg inn i. Det eg veit er at eg ikkje synes pengar alltid skal vere den ultimate målestokken, og at samfunnsøkonomane sine nytte-kostnadsanalysar må vurderast. Er det bra at alle verdiar skal reknast om til økonomiske verdiar?



Gladnyhet!
november 11, 2010, 12:42
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Katt redda ut av tunnel i live. Gode greier.



Knepp
november 10, 2010, 10:28
Filed under: Resten | Stikkord: , , ,

Kvar morgon på veg over Høyden går eg forbi ein busk med slike kvite bær som lagar «knepp»-lyd om ein tråkkar på dei. Desse som eg etter litt søking fann ut at sannsynlegvis heiter snøbær. Dei plukkar eg kvar dag og tråkkar på dei, medan eg går bortover. I går hadde eg sko med litt for grove sålar, så det vart ikkje skikkeleg knepping, og då heller ikkje skikkeleg lyd. I dag skifta eg sko, og lyden var tilbake. Det var godt.