Tankeveven


Flytting
februar 2, 2011, 11:07
Filed under: Jobb, Luft

Me har flytta ut, men ikkje inn. Skal teste ut forstadslivet ein månad før me skal bli superurbane. Relativt urbane i alle fall. Det vert kjekt. Håpar katten likar parken han skal springe rundt i. Sjølv om den er full av born og hundar.

No sit eg på jobb og vil ete eple, men det bråkar sånn, så det er litt vanskeleg. Eg må nok jobbe litt i staden.

Kom seint på jobb i dag – eg skjønar alt for godt at folk tek bil i staden for buss. Får satse på at Byluftlisten gjer det stort i september. Lik dei på facebook i dag!

Advertisements


Nytt kontor
desember 1, 2010, 13:56
Filed under: Jobb | Stikkord:

Ved hjelp av min kule kollegaven har eg i dag utvida kontoret mitt, nesten som eg har fått eit nytt. Eg har altså utvida avlukkeplassen min. Eg er ikkje der at eg får gleden av mitt eige kontor enda (slik som ho har), men no kjennes det nesten slik. Eit heilt nytt liv!
Eg skulle tatt før etter-bilete…



Keisamt
oktober 19, 2010, 15:52
Filed under: Jobb | Stikkord: ,

Dagen i dag har så langt vore ein av dei mest keisame dagane eg kan hugse. Eg har kasta vekk livet mitt på unyttige (for meg) aktivitetar foran pc-skjermen. Og attpåtil ikkje sagt anna enn «hei» heile dagen sidan eg sa «hade» til frøkna i dag tidlig. Enda godt eg får betalt for det.
No skal eg heim frå jobb straks. Eg gler meg, og håpar dagen tek seg opp. Skal ikkje mykje til!



Rotte
oktober 14, 2010, 16:28
Filed under: Jobb, Resten | Stikkord: , ,

I går fanga katten ei rotte. Sannsynlegvis. Han leikte i alle fall med ei på balkongen. Me lurer veldig på om han tok den opp dit eller om rotta kom opp av seg sjølv. Den er død no, kan ein trygt seie. Han var ikkje så snill med den, og han var veldig stolt av seg sjølv. Rulla på ryggen og gjorde seg fin.

I dag ser eg at det visstnok er mange rotter rundt omkring, grunna bybanen. Eg vil ikkje skulde på dei likevel, då eg likar bybanen godt. Dessutan var rotta litt pen, sjølv om eg helst ikkje vil han skal ta med så mange fleire nesten inn i leiligheten…

No er eg i lett rus etter å ha fått i meg musserende. Ganske behageleg, sånn i arbeidstida.



Langsiktig tenking
september 20, 2010, 13:41
Filed under: Jobb | Stikkord: , ,

Eg har berre langsiktige oppgåver på jobb. Slike eg skal gjere når eg ikkje har noko anna å gjere. Slike eg kan ta på sikt og innimellom. No har eg berre slike. Det er ikkje så lett. Det kjennes ganske likt som å skrive masteroppgåve når det framleis er over eit halvt år til innlevering, bortsett frå at eg kan slutte å tenkje klokka fire. Eg må innrømme at effektiviteten ikkje er på topp.

Langsiktiglangsiktiglangsiktig.

No tok eg eit bilete av min fine pult. Om denne pcen hadde hatt blåtann skulle eg vist det fram. Det kan eg ikkje.



IT
september 14, 2010, 15:21
Filed under: Jobb | Stikkord: ,

PCen min på universitetet har visst bestemt seg for å ikkje like meg. Slitsom dag. Så irriterande. Eg likar å vere skuld sjølv i at eg er ueffektiv, ikkje fordi eg må vente på eit IT-system og ein IT-tilsett. Sjølv om dei er snille og hyggelege.

Eg vil fikse det sjølv!

(Eg er òg redd for at eg i forsøket på å fikse ting sjølv, sjølv om eg ikkje kan gjere noko som helst, har klart å slette alle bokmerker o.l. på firefox. Dette får eg ikkje stadfesta før eg får opna firefox igjen, så eg fryktar det verste og håpar på det beste.)

(Oppdatert: Alt var der framleis. Puh!)



Anti-innvandring
september 3, 2010, 11:01
Filed under: Jobb | Stikkord: ,

Eg har fått i oppgåve å finne info om anti-innvandringsparti dei siste åra. Då fekk eg beskjed om at det finst aktivistar og organisasjonar som overvåkar ekstremistiske meininger og parti, som ofte hadde oversikt over desse. Slike har eg nesten ikkje funne.

Det eg finn er derimot mange forum og sider med folk som er mot innvandring, og som lenkjer til kvarandre. Kven er mot innvandring i ditt land? Desse er i mitt. Ofte er det nokre parti som vert foreslått, og så kommenterer andre at det partiet er ikkje hardt nok. Dei er berre litt anti-innvandring. Og kjem med forslag til andre som er mykje betre, meir fascistparti. Dei seier ikkje så mykje om innvandrar eigentleg, på desse foruma eg er inne på. At ein er imot dei er implisitt, alle der inne er einige. Det er ein konsensus om at slik er det berre. Det er best om samfunnet er homogent, kvitt og reint.

Eg vert skremt av desse menneska. Eg likar ikkje å gje sidene deira fleire treff.