Tankeveven


Læring
september 2, 2010, 15:32
Filed under: Jobb | Stikkord: , ,

I dag var eg med studentane eg skal lære fornuftige ting om statistikk dette semesteret. Då fann eg ut at eg har lært ganske mykje på dei to åra det er sidan det var meg. Og at eg er flinkare enn svært mange menneske når det kjem til pcar. Kjekt.

Advertisements


Sjef
august 26, 2010, 15:18
Filed under: Jobb

Eg har den kulaste sjefen i verda. Opptil fleire av dei faktisk.

Så kul skal eg òg bli ein dag.



Kvardagsliv
august 23, 2010, 22:55
Filed under: Jobb | Stikkord:

Eg har byrja å jobbe på skikkeleg no.

Namnet mitt står utanfor kontoret.
Namnet mitt står på ei posthylle.
Eg har eit inngangskort.
Eg et lunsj klokka 12.

Eg skal til og med få løn!



Jobb
august 12, 2010, 07:37
Filed under: Jobb | Stikkord:

I går var eg på jobb, og hadde dei viktige oppgåvene med å lage kaffe og setje fram frukt.

Eg er ein klisjé på ung kvinne i ny jobb.

(Men er forøvrig 99% sikker på at det vert svært lite kaffelaging når denne veka er over.)