Tankeveven


Sommaren nærmar seg slutten
august 10, 2010, 08:32
Filed under: Kva no?, Resten | Stikkord: , , ,

og sola kom ikkje tilbake. Nesten ikkje, i alle fall.

Eg har dårleg internett, så får korkje surfa eller spelt wow. Det har vore ei vanskeleg tid. Ein kan godt seie eg burde finne på noko anna, og det har eg gjort, eg har laga lange innfløkte familieforhold på sims.

No er denne gode tida med ingenting straks over, då eg plutseleg fekk ein jobb, og skal starte min akademiske karriere.

Elles føler eg eg burde engasjere meg i kraftlinjene over Hardanger, men eg klarar det ikkje heilt, og synes det er heilt greitt at SV har valt kampen mot olje i nord i staden for kampen mot kraftlinjene, så lenge dei snart kjem opp med nokre alternativ til olje i nord, sånn at andre stemmer på dei òg.  Dessutan vil dei byggje kraftlinjer gjennom Hjørundfjorden òg. Er det noko betre kanskje?

Advertisements


Ferie
juli 23, 2010, 23:25
Filed under: Kva no?, Resten | Stikkord: , ,

Ferdig med Skins! Kva no? Me ser ekstramateriale for harde livet.

Heldigvis er det sol, og eg fekk endeleg bada i dag. Godt med sommar. Ikkje mykje av det på ferie i Lofoten/Vesterålen, sjølv om Frøken Lea faktisk bada to gongar. Eg vil ikkje seie eg er pingle, heller at ho er litt ekstrem.

Ferien var fin den, me koste oss med telt og sykling, og sykla ikkje så langt kvar dag. Me hevde gjennomsnittet ein dag då me sykla åtte mil (mot vanlegvis ca fire), grunna mangel på campingplassar og generelt flate stadar 150 meter frå hus som ikkje er myr i Vesterålen. Me endte opp ein stad med mykje mygg, men det var i alle fall ganske flatt og mjukt.

Vesterålen var koselegare enn Lofoten, det var litt flatare og litt mindre befolka. Midnattssola viste seg òg! Det gjorde den ikkje i Lofoten… Her er eit bilete av frøkna som klatrar i midnattsol på Uttakleiv:

Ikkje for det, Lofoten var bra og ganske så flatt på vegane det òg. Der møtte me dessutan fleire hyggelege folk, mellom anna to spanske syklistar og to tyske syklistar. Kjekt å sykle.

Spanjolane møtte me igjen i Bergen, då dei gjorde heile Noreg omtrent. Det er kjekt med sommar. Og no har me ståande invitasjon til Barcelona!

Det einaste som ikkje var kjekt med ferien var Sortland Camping – om du skal til Vesterålen kan du godt skippe heile Sortland, eigentleg. Me var der for å ta hurtigruta derfrå (som forøvrig var suuupergøy, me tok den til Bodø og mingla med dei rike godt voksne menneska frå alle land). Der sov me altså på det minst flate teltområdet eg har sett, og den dyraste campingen eg har sett.

Her er eit bilete av teltplassen:

Sjekk, det er jo ein bakke! Me var fascinert. I tillegg til at det var den dyraste campingen måtte ein òg betale for å dusje, og det var berre ei kokeplate som fungerte på kjøkkenet. Jeje. Me hadde no spart litt pengar på å sove ute i guds frie natur i alle fall ;)

(Do avoid Sortland Camping, there are so many nice campings in Lofoten and some in Vesterålen. So stay away, all english-speakers who turn up here.)

Hurra for sommar!



Då var det gjort!
juni 5, 2010, 10:22
Filed under: Kva no?, Master | Stikkord:

Oppgåve innlevert.
Feiring gjort.
Soving  gjort.

Klar for eksistensiell krise: Kva no?