Tankeveven


Flaskevatn
juni 11, 2010, 11:54
Filed under: Master, Resten | Stikkord: ,

Eg har jo no nettopp skrive ei oppgåve om vatn. I prosessen har eg lest om alt for mange som har utruleg dårlege vilkår for drikkevatn. Då eg sat i innspurten av denne oppgåva kom eg over desse artiklane hos Aftenposten: Flaskevann er tryggere enn springvann, og gamle rør kan gi mer magesyke.

Desse artiklane rakkar ned på kvaliteten på drikkevatnet i Noreg. Det er greitt nok det. Dårlege rør og vannverk utan rensing er ikkje bra, og så mykje vatn og pengar som me har burde me vente å ha godt drikkevatn. Men likevel gir artiklane inntrykk av å vere ein slags reklame for flaskevatn. Det aller meste vatnet i Noreg i dag er trygt. Samanlikna med dei fleste andre land er vatnet vårt fantastisk.

Flaskevatn har mange problem, det er ikkje slik at ein burde gå over til det for å vere trygg. I alt for mange land som har trygt vatn i springen drikk ein flaskevatn i staden, av redsel, eller fordi det smakar noko betre. Sjølv om mykje flaskevatn kjem frå same kjelda som springvatnet, sjølv om flaskevatn er mange gongar dyrare, sjølv om flaskevatn er mange gongar verre for miljøet. Her er ein fin film om flaskevatn:

The story of bottled water

Advertisements


Då var det gjort!
juni 5, 2010, 10:22
Filed under: Kva no?, Master | Stikkord:

Oppgåve innlevert.
Feiring gjort.
Soving  gjort.

Klar for eksistensiell krise: Kva no?



Lesesalen
juni 2, 2010, 10:40
Filed under: Master | Stikkord:

Skru på lyset på lesesalen, skru av lyset på lesesalen, skru på lyset på lesesalen.

Men etter i morgon har eg ferie for alltid. DET vert fint det.

Ofte er det berre meg her. I går var det fleire hyggelege menneske her, og me snakka saman, høgt, inne på lesesalen. Det kjentes herleg ulovleg.



Dikt
mai 31, 2010, 10:34
Filed under: Master | Stikkord: , ,

Eg drøymer om bading og grilling,
heile dagen lang.

Ikkje meir skriving og tenking,
på oppgåva så vrang.

Eit liv utan eksamen,
eit liv med vakrare klang.



Lesesal og blåtann
mai 27, 2010, 13:09
Filed under: Master | Stikkord: , ,

I dag var eg, og til tider er eg, aleine på lesesalen. Det er keisamt. Difor tok eg eit bilete av pulten min, med mobilen, som eg så skulle overføre til pc-en via den fancy teknologien «bluetooth». Det viste seg lettare sagt enn gjort, då eg på eit tidligare tidspunkt har slått av prosessen som skal starte blåtann på pc-en min, noko eg sjølvsagd hadde gløymd.

Men etter mykje frustrasjon og alle slags prøvde tiltak hugsa eg på dette igjen, og kan difor laste opp dette vakre biletet:

Her er pulten min, med den fine pc-en.



Grafar
mai 24, 2010, 14:48
Filed under: Master | Stikkord: ,

Eg lagar grafar. Pene grafar med fargar på. Men eg vil ha ein med to x-aksar. Det får eg ikkje til.

Får du det til?



17. mai
mai 17, 2010, 23:17
Filed under: Master | Stikkord: ,

Det er kjempegøy å bruke store delar av 17. mai på lesesalen, og så måtte halde fram med oppgåva når eg kjem heim. Slik går det. Neste gong eg skriv masteroppgåve skal eg gjere alt så mykje betre.

Menmen, eg kan vel ikkje klage. Fekk både gått i tog og ete god mat! Kjekt å sjå 17. mai i Bergen frå hovedprosesjonen.