Tankeveven


Flytting
februar 2, 2011, 11:07
Filed under: Jobb, Luft

Me har flytta ut, men ikkje inn. Skal teste ut forstadslivet ein månad før me skal bli superurbane. Relativt urbane i alle fall. Det vert kjekt. Håpar katten likar parken han skal springe rundt i. Sjølv om den er full av born og hundar.

No sit eg på jobb og vil ete eple, men det bråkar sånn, så det er litt vanskeleg. Eg må nok jobbe litt i staden.

Kom seint på jobb i dag – eg skjønar alt for godt at folk tek bil i staden for buss. Får satse på at Byluftlisten gjer det stort i september. Lik dei på facebook i dag!

Advertisements


Jul på Sunnmøre
desember 25, 2010, 15:47
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Jul på Sunnmøre bada i snø og sol er omtrent det beste som går an. I år er det siste gong på ei god stund sannsynlegvis, så det må nytast til det fulle. Eg og bror kom bittelille julaftan, og det var rett i trekket. Det var lenge sidan sist. I dag var det tur igjen, sjølv om eg ikkje var like sprek som bror og far, så var det absolutt kjekt. Minus 12 grader og stille, så vart det ein fin tur. Har ikkje bilete frå den, grunna manglande kamera. Har derimot nokre dårlege mobilbilete frå trekket, som eg skal vise fram her.

Meg i trekket

Bror i trekket



Vaksen
desember 15, 2010, 22:34
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag har eg meldt ekte flytting til Bergen. Heilt på skikkeleg. Eg har òg bestilt skattekort, der eg måtte ta omsyn til slikt som at eg faktisk (forhåpentlegvis) kjem til å tene pengar neste år, og ha mykje gjeld, og ha gjeldsrenter, og det var ikkje måte på. Eg stakk òg ein tur innom lånekassa sine sider for å studere betalingsplanen min, når eg først var inne på minID.

Stort skilje frå å vere student til å vere arbeidstakar.

Ikkje skal eg heim til jul før neste veke heller!



Julestemning
desember 9, 2010, 22:52
Filed under: Mat, Resten | Stikkord: ,

Julestemninga er på veg. Me har pynta med dei tre julepyntane me har. I dag har me skålda mandlar og prøvd oss på å lage karamell (usikker på korleis det vert). I morgon skal eg på julebord med jobb (for første gong). Snart skal me lage og pynte pepperkaker me skal henge opp til pynt (og ete). Og lage marsipan av mandlane. Masse marsipan.

Hura for jul!



Nytenking
desember 6, 2010, 14:48
Filed under: Luft | Stikkord: ,

– Nå må vi prøve å tenke litt langsiktig. Seier konsitituert informasjonsdirektør i Bergen kommune, Elisabeth Farstad, til BA.

BA sa forresten òg:
I dag klokken 1200 hadde kommunen et krisemøte. Konklusjonen er at de må innkalle samarbeidspartnerne sine til et nytt krisemøte i morgen.

Eg trur kommunen har det frykteleg kjekt på krisemøta sine, sidan dei stadig bestemmer seg for å ha nye.



Bergen på riks-tv
desember 2, 2010, 23:14
Filed under: Luft | Stikkord: , ,

Bergen på kveldsnytt:

– Nei, kjem ikkje på tale å stenge Årstad skule sjølv om folk vert oppfordra til å ikkje opphalde seg i området.
– Nei, me kan ikkje innføre nokre tiltak, i alle fall ikkje datokøyring, får det går utover den enkelte sin bruk av bilen.

Omtrent det var det ho sa. Jammen godt dei vert framstilt i dårleg lys på NRK så resten av landet ser det òg.



Straum
desember 2, 2010, 14:31
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Burde straumprisar vere overlatt til marknadskreftene?

Eg berre spør, eg.