Tankeveven


Kaldheving igjen
november 5, 2010, 16:03
Filed under: Mat | Stikkord: ,

I går laga eg igjen rundstykke, til det fine besøket eg hadde i natt, og det neste besøket som kjem i kveld. Dei kaldheva ein litt varmare stad enn kjøleskapet, nemleg på gjesterommet saman med besøket. Det fungerte supert, dei heva og var svært gode vil eg seie. Godt nøgd. I tillegg laga eg nokre relativt vellukka muffins.
Eg saknar kamerakabelen min, eg som lagar all den baksten og ikkje får tatt bilete av den.

Advertisements


Bakeeksperiment
november 3, 2010, 21:35
Filed under: Mat | Stikkord: ,

Eksperiment fryse ned ustekte rundstykke for så å la dei stå og tine og heve over natta og så steike dei var vellukka. Om eg no hadde hatt ein stor frysar kunne eg hatt nybakte rundstykke heile tida. Det skal eg få meg ein gong.



Husmor
oktober 31, 2010, 09:41
Filed under: Mat | Stikkord: , ,

Ein av dei beste bieffektane med å ha jobb er at ein får helg. Når me har helger utan planar lagar me gjerne mat. I går vart det:

  • Bayonneskinke kjøpt i Danmark med ulike rotgrønsaker i ulike konsistensar til middag.
  • Eplemuffins med ostekrem til dessert.
  • Rundstykke sett  i kjøleskapet til kaldheving i går, til frukost i dag.

Skal seiast at sistnemnte ikkje heva særleg bra, men eg gir ikkje opp prosjekt kaldheving. Hadde eg ikkje gløymd overføringskabelen til kameraet i herlege København skulle eg lagd ved bilete av produksjonen ein laurdag ettermiddag.

Forøvrig er oppskriftene i stor grad inspirert av ein av matbloggane eg les, Trines Mektige Matblogg. Særs mykje god mat! Gler meg allereie til å prøve bollar etter hennar oppskrift.

No skal eg legge vekk husmormeg for ei stund. Satsar likevel på at ho kjem raskt tilbake.