Tankeveven


Klage på støy og bråk
mai 12, 2011, 19:25
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Buekorps er fint og flott. Dei marsjerer forbi, i takt stort sett, og så marsjerer dei kanskje tilbake igjen litt seinare. Eg skjønar ikkje heilt kvifor dei ikkje kan lære seg litt meir enn å marsjere alle dei som berre går der, dei kunne vel fått spele tromme, eller kanskje nokre andre instrument? Likevel – heilt fin aktivitet og fint innslag i Bergen by.

Inntil nylig trudde eg at buekorps mellom anna handla om disiplin, og å lære seg disiplin. Etter å ha spelt fleire gongar med eit buekorps, og budd i Sandviken saman med nokre fleire buekorps har eg lært at det i alle fall ikkje er tilfelle. Dei må bråke kvar einaste gong dei ikkje gjer noko organisert.

No har det stått tre gutar i over 40 min rett nedanfor huset mitt og spelt omtrent utan stopp. Bråk, bråk, bråk. Kan eg melde dei til politiet?

Advertisements


Vaksen
desember 15, 2010, 22:34
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag har eg meldt ekte flytting til Bergen. Heilt på skikkeleg. Eg har òg bestilt skattekort, der eg måtte ta omsyn til slikt som at eg faktisk (forhåpentlegvis) kjem til å tene pengar neste år, og ha mykje gjeld, og ha gjeldsrenter, og det var ikkje måte på. Eg stakk òg ein tur innom lånekassa sine sider for å studere betalingsplanen min, når eg først var inne på minID.

Stort skilje frå å vere student til å vere arbeidstakar.

Ikkje skal eg heim til jul før neste veke heller!



Knepp
november 10, 2010, 10:28
Filed under: Resten | Stikkord: , , ,

Kvar morgon på veg over Høyden går eg forbi ein busk med slike kvite bær som lagar «knepp»-lyd om ein tråkkar på dei. Desse som eg etter litt søking fann ut at sannsynlegvis heiter snøbær. Dei plukkar eg kvar dag og tråkkar på dei, medan eg går bortover. I går hadde eg sko med litt for grove sålar, så det vart ikkje skikkeleg knepping, og då heller ikkje skikkeleg lyd. I dag skifta eg sko, og lyden var tilbake. Det var godt.



Livet på sykkel
oktober 27, 2010, 00:05
Filed under: Resten | Stikkord: , , ,

København var fantastisk, og syklinga var fantastisk. Det er fint å kome tilbake til BIFF og leilighet og katt og venar, men ikkje til dårlege sykkel-Noreg og artiklar som denne i Aftenposten, om korleis Oslo prioriterer bilar framfor syklar. Kommentarane til artikkelen er dei vanlege provoserande kommentarane, der ingen av dei som kommenterer ein gong er einige om dei vil at syklistane skal sykle på fortauet eller i vegbana, og meiner at det er syklistane si eiga skuld at det er utrygt og at dei må slutte å skifte mellom fortau og vegbane – ikkje mangel på tilrettelegging. Fascinerande nok.

Jeg sier som så ofte før: Det er ikke syklister generelt som er problemet. Ei heller bilister generelt. Problemet er idioter generelt – og det er for mange av dem.

Det er ein kommentar eg kan seie meg einig i. Eg meiner òg at desse to kommentarane er med å vise kva som gjer at bilistar og syklistar tydelegvis ikkje forstår kvarandre:

Innlegg:
Jeg ser daglig syklister som stopper for rødt lys. Jeg selv stopper alltid for rødt lys, med unntak av noen enkelte steder hvor sensorene ikke virker for sykkel.
Det er ikke bygget sykkelveier i Norge. Det er bygget gang/sykkelstier. Disse er for gående og syklister, men ferdes det gående der skal man holde gangfart. Hvis man skal sykle raskere enn ca. 6km/t har man ikke annet valg en å sykle i veibanen hvis man skal følge trafikkreglene. I veibanen er det enkelte steder sykkelfelt som bilene ikke har lov å kjøre i. Hver eneste dag ser jeg biler som vrenger inn i sykkelfeltet og bruker dette til forbikjøring. Nesten daglig er det parkere biler i sykkelfeltet. Dette til tross for vegrafikkloven sier

«Andre kjørende enn syklende må ikke bruke sykkelveg eller sykkelfelt. Syklende må bare bruke sykkelfelt på høyre side av vegen. «

Svar:
Om det heter gang og sykkelvei eller sykkelvei, hva er forskjellen? Omtrent like stor som på hest eller gamp.

Det er også litt patetisk da du skriver at sykkelister kan ikke bruke disse da fartsgrensen er 6 km. Når i alle dager ble sykkelister opptatt av å holde trafikkregler da? Mitt inntrykk at sykkelister tror trafikkregler bare er for bilister og at de selv kan gjøre hva de vil.
Derfor mener jeg at bilister og sykkelister må behandles likt, og er det sykkelbane eller gang og sykkelbane da for å bruke dine navn må det bli påbudt for sykkelister å bruke disse, og at en sykkelist ikke bruker disse skal straffes på samme måte som en bilist som bruker gang og sykkelbanen i stedet for veien

Trur han siste her treng ei lita realitetsoppdatering når det gjeld høve til å bruke sykkel til transportmiddel. Eg føretrekk faktisk syklistar som utset seg sjølv for fare ved å sykle i vegbanen framfor syklistar som utset born og mjuke fotgjengarar i fare ved å sykle på fortau. For om ein må sykle i gåtempo er ikkje sykkel akkurat eit godt transportalternativ.

Eg er så lei av konflikta mellom dei ulike trafikantane, og lei av å vere totalt mindreverdig og sikta mot frå begge kantar når eg er syklist. Såg filmen Bogotá Change på BIFF, om Bogotá i Colombia som vart heilt endra i løpet av ni år med to ulike ordførarar. Dei bygde mange mange kilometer med sykkelvegar og fine fortau, og oppgraderte kollektivtransporten, fordi alle skulle vere og kjenne seg like mykje verdt, anten ein hadde bil, sykkel eller var til fots. Dit kunne gjerne norske politikarar tatt seg ein tur. Eventuelt berre til København.