Tankeveven


Bussdagbok
mai 3, 2011, 11:57
Filed under: Luft, Resten | Stikkord: , ,

I ein og ein halv månad budde eg og frøkna hos hennar foreldre, altfor langt utanfor sentrum og altfor langt frå jobbane våre. I denne perioda tok me buss. Interessert som eg er i god kollektivtransport og god luft byrja eg med ei bussdagbok over bussturane våre, og når dei var forsinka og slikt. Diverre ga eg opp etter kvart, då opphaldet vart lengre der ute enn planlagd,  og motivasjonen forsvann etter kvart. Eg vil likevel oppsummere kva eg lærte av opphaldet og bussturane;)

  1. Kollektivtransporten i Bergen må bli betre: meir effektiv og meir påliteleg.
  2. Eg skal aldri bu så langt frå jobben min (ein time kvar veg når alt var i rute).
  3. GPS-tavler med ankomsttid er særs viktig. Ein dag kom me på tida, litt før, men etter å ha venta 15 min innsåg me at bussen hadde gått, og måtte så vente 15 min til på neste buss. Hadde me visst at den hadde gått då me kom til busstoppet kunne me anten gått inn og venta, eller byrja å gå. Begge deler hadde gjort turen meir behageleg.
  4. Ikkje ta buss i staden for bybane frå Nesttun, det er ein dårleg idé.
  5. Det MÅ bli kollektivfelt på motorvegane, så ekspressbussane kjem seg fram (og det må bli fleire ekspressbussar). Kven gidd ta bussen når alle som køyrer i bilen sin ser at bussen står i same køa og kjem like sakte fram?
  6. Internett på bybanen er gøy.
  7. Så vidt eg ser i skyss-bussrutene er dei faste tidspunkta tatt vekk. Der det før var utheva tidspunkt som viste at bussen var der til det tidspunktet. Er det tilfelle? Det er i såfall ein særs dårleg idé. Bussar må ikkje gå for tidleg.
  8. Bybanen er eit framskritt – då den ikkje står i kø og går så ofte at det ikkje gjer noko om bussen du tek dit er forsinka. Andre vegen er det verre, og bussen burde kanskje vente på den banen som den i ruta er sett opp som å korrespondere med.

Stem Byluftlisten inn i fylkestinget (og kommunestyret) for betre buss ;)

Advertisements


Bergen by
februar 9, 2011, 10:21
Filed under: Luft, Miljø | Stikkord: , , ,

«Bergen skal gå fra adskilte sovebyer til lokalsamfunn med egen identitet.»

Endeleg skjer det litt i Bergen. Forhåpentlegvis i alle fall. Eg skjønar ikkje korleis planlegginga av denne byen har gått føre seg? Alle må køyre og borna må busse – sjølv i folketette og barnefulle område må dei busse til skulen. Det burde vere eit utgangspunkt for utbygging av nye byggefelt at born flest skal gå og sykle til skulen, i alle fall på barneskulen.

Dei voksne derimot må køyre, sidan bussane brukar dobbelt så lang tid til byen, og ein har jo ikkje tid til å kaste vekk livet sitt på buss når ein har alternativ. Det skjer jo dessutan ingenting i bydelane – sidan bustadar, arbeidsplassar, butikkar og kulturtilbod er plassert langt frå kvarandre, i staden for å blande ulike aktivitetar og lage aktive bydelar og nærmiljø.

Eg håpar på reformering av Bergen som by. For det er jo så fint her.



Bussar
november 25, 2010, 15:23
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Bussar er teite. Ikkje berre bilar. Finst alt for mange teite bussar. Bussen mellom Bergen og Volda til dømes, er svært teit.

Siste buss frå Bergen: 12.20.
Siste buss frå Volda: 13.15

Kven som er ferdige på jobb 12.20 og 13.15? Så langt er det no ikkje. Dette har irritert meg i mange år – men først no har eg ein jobb, og gir irritasjonen eit reelt grunnlag.



Buss
oktober 4, 2010, 09:51
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag tidlig gjorde me det dårlege valet å ta buss frå Nesttun i staden for bybanen. Det skal aldri skje igjen.

Livet i forstaden er hardt, men lærerikt.

<3 Bybanen.