Tankeveven


Bussdagbok
mai 3, 2011, 11:57
Filed under: Luft, Resten | Stikkord: , ,

I ein og ein halv månad budde eg og frøkna hos hennar foreldre, altfor langt utanfor sentrum og altfor langt frå jobbane våre. I denne perioda tok me buss. Interessert som eg er i god kollektivtransport og god luft byrja eg med ei bussdagbok over bussturane våre, og når dei var forsinka og slikt. Diverre ga eg opp etter kvart, då opphaldet vart lengre der ute enn planlagd,  og motivasjonen forsvann etter kvart. Eg vil likevel oppsummere kva eg lærte av opphaldet og bussturane;)

  1. Kollektivtransporten i Bergen må bli betre: meir effektiv og meir påliteleg.
  2. Eg skal aldri bu så langt frå jobben min (ein time kvar veg når alt var i rute).
  3. GPS-tavler med ankomsttid er særs viktig. Ein dag kom me på tida, litt før, men etter å ha venta 15 min innsåg me at bussen hadde gått, og måtte så vente 15 min til på neste buss. Hadde me visst at den hadde gått då me kom til busstoppet kunne me anten gått inn og venta, eller byrja å gå. Begge deler hadde gjort turen meir behageleg.
  4. Ikkje ta buss i staden for bybane frå Nesttun, det er ein dårleg idé.
  5. Det MÅ bli kollektivfelt på motorvegane, så ekspressbussane kjem seg fram (og det må bli fleire ekspressbussar). Kven gidd ta bussen når alle som køyrer i bilen sin ser at bussen står i same køa og kjem like sakte fram?
  6. Internett på bybanen er gøy.
  7. Så vidt eg ser i skyss-bussrutene er dei faste tidspunkta tatt vekk. Der det før var utheva tidspunkt som viste at bussen var der til det tidspunktet. Er det tilfelle? Det er i såfall ein særs dårleg idé. Bussar må ikkje gå for tidleg.
  8. Bybanen er eit framskritt – då den ikkje står i kø og går så ofte at det ikkje gjer noko om bussen du tek dit er forsinka. Andre vegen er det verre, og bussen burde kanskje vente på den banen som den i ruta er sett opp som å korrespondere med.

Stem Byluftlisten inn i fylkestinget (og kommunestyret) for betre buss ;)

Advertisements


Rotte
oktober 14, 2010, 16:28
Filed under: Jobb, Resten | Stikkord: , ,

I går fanga katten ei rotte. Sannsynlegvis. Han leikte i alle fall med ei på balkongen. Me lurer veldig på om han tok den opp dit eller om rotta kom opp av seg sjølv. Den er død no, kan ein trygt seie. Han var ikkje så snill med den, og han var veldig stolt av seg sjølv. Rulla på ryggen og gjorde seg fin.

I dag ser eg at det visstnok er mange rotter rundt omkring, grunna bybanen. Eg vil ikkje skulde på dei likevel, då eg likar bybanen godt. Dessutan var rotta litt pen, sjølv om eg helst ikkje vil han skal ta med så mange fleire nesten inn i leiligheten…

No er eg i lett rus etter å ha fått i meg musserende. Ganske behageleg, sånn i arbeidstida.



Buss
oktober 4, 2010, 09:51
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag tidlig gjorde me det dårlege valet å ta buss frå Nesttun i staden for bybanen. Det skal aldri skje igjen.

Livet i forstaden er hardt, men lærerikt.

<3 Bybanen.