Tankeveven


Bergen by
februar 9, 2011, 10:21
Filed under: Luft, Miljø | Stikkord: , , ,

«Bergen skal gå fra adskilte sovebyer til lokalsamfunn med egen identitet.»

Endeleg skjer det litt i Bergen. Forhåpentlegvis i alle fall. Eg skjønar ikkje korleis planlegginga av denne byen har gått føre seg? Alle må køyre og borna må busse – sjølv i folketette og barnefulle område må dei busse til skulen. Det burde vere eit utgangspunkt for utbygging av nye byggefelt at born flest skal gå og sykle til skulen, i alle fall på barneskulen.

Dei voksne derimot må køyre, sidan bussane brukar dobbelt så lang tid til byen, og ein har jo ikkje tid til å kaste vekk livet sitt på buss når ein har alternativ. Det skjer jo dessutan ingenting i bydelane – sidan bustadar, arbeidsplassar, butikkar og kulturtilbod er plassert langt frå kvarandre, i staden for å blande ulike aktivitetar og lage aktive bydelar og nærmiljø.

Eg håpar på reformering av Bergen som by. For det er jo så fint her.

Advertisements


Nytenking
desember 6, 2010, 14:48
Filed under: Luft | Stikkord: ,

– Nå må vi prøve å tenke litt langsiktig. Seier konsitituert informasjonsdirektør i Bergen kommune, Elisabeth Farstad, til BA.

BA sa forresten òg:
I dag klokken 1200 hadde kommunen et krisemøte. Konklusjonen er at de må innkalle samarbeidspartnerne sine til et nytt krisemøte i morgen.

Eg trur kommunen har det frykteleg kjekt på krisemøta sine, sidan dei stadig bestemmer seg for å ha nye.



Bergen på riks-tv
desember 2, 2010, 23:14
Filed under: Luft | Stikkord: , ,

Bergen på kveldsnytt:

– Nei, kjem ikkje på tale å stenge Årstad skule sjølv om folk vert oppfordra til å ikkje opphalde seg i området.
– Nei, me kan ikkje innføre nokre tiltak, i alle fall ikkje datokøyring, får det går utover den enkelte sin bruk av bilen.

Omtrent det var det ho sa. Jammen godt dei vert framstilt i dårleg lys på NRK så resten av landet ser det òg.



Tatt på senga 2
desember 2, 2010, 11:16
Filed under: Luft, Miljø | Stikkord: , ,

I dag er kommunen sjokkerte igjen. Korleis det er mogleg skjønar ikkje eg. Og ja, datokøyring er eit tiltak ein vil unngå, det rammar vilkårleg og er ikkje noko kjekt. Likevel – dei testa ut alt anna i fjor, ingenting anna fungerte. Sidan det har dei ikkje innført nokon langsiktige tiltak som kunne ha betra situasjonen og gjort slik at dei unngjekk datokøyring i år. Så kvifor skal dei berre vente, og ikkje våge å gjere det einaste tiltaket som fungerer på kort sikt?

I to dagar no har det lyst raudt på forureingsmålingane. Det skal det visstnok ikkje gjere meir enn 18 timar i løpet av eit år. Bergen er allereie langt i minus etter i fjor.

I går gjekk eg og frøkna frå Danmarksplass til Haukeland, og oppdaga at me bur på ingen måte der det er verst. Då gjekk me gjennom ei skodde av dårleg luft, og klea våre lukta sterkt av bål og trafikk då me kom heim. Korleis kan politikarane vere overraska to dagar på rad?

Det er òg fascinerande at eit av krisetiltak er at BKK skal skru av oljefyrane rundt Danmarksplass, og at borettslag må klare seg med elektrisk kraft, samtidig som dei for å spare straum tek straumen frå andre, som då må fyre med oljefyr. Vil ikkje seie at Møhlenpris er så veldig stor avstand frå Danmarksplass.

Oppdatert: Etter møtet i dag fann dei ut at det var best å gjere ingenting, for det kjem kanskje vind, og var berre 1,5 dagar igjen til helg. Kva gjer vel nokre dagar frå eller til med farlige tilstandar?

Pengar er altså viktigare enn livskvalitet, som vanleg hos Bergen byråd.



Tatt på senga!
desember 1, 2010, 12:54
Filed under: Miljø | Stikkord: , ,

Dårleg luft i Bergen i dag. Politikarane i sjokk. Ja, dette var jo heilt uventa!

Rare politikarar. Det har vore fint vêr og kaldt lenge, det er meldt fint vêr og kaldt lenge. Korleis kan dette kome som eit sjokk? Eg såg og lukta byrjinga av «giftlokket» over Danmarksplass både måndag og tysdag eg, og på luftkvalitet.no var det meldt gult og oransje i går. Så korleis dette kan ta politikarane på senga, DET skjønar ikkje eg.



Politikarlogikk
november 24, 2010, 08:54
Filed under: Miljø | Stikkord: ,

Å ta vekk vrakpanten på vedovnar vil jo definitivt gjere at fleire folk kasserer vedovnane sine…