Tankeveven


Sjukehus og distriktspolitikk
november 12, 2010, 10:35
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Av og til likar eg kommentarfelta. Dette er ei av dei anledningene. Eg forstår ikkje kvifor absolutt alt skal handle om pengar. Sidan det har kome nye reglar som krever at dei må tilsetje fleire spesialistar på fødeavdelingane vil dei heller legge ned Volda og gjere det til fødestove, og oppgradere Ålesund. Det skal då bli tryggare for alle. Det eg ikkje skjønar er korleis det kan vere tryggare for dei som soknar til Volda å få born hos ei fødestove, enn på den betre avdelinga som er der i dag, men som ikkje er like bra som det reglane krever at det no skal bli. Om nedbygging er konsekvensane av nye reglar, så er det vel ikkje godt for nokon.

Dette gjeld jo heller ikkje berre fødeavdelingane – dei vil gjere det same med akuttmottaket. Samtidig som Helse Vest legg ned det meste som skjer nord for Førde i deira region, vil Helse Midt legge ned det meste som skjer sør for Ålesund i deira region. Så då vert det eit fint lite hol på midten.

Om det vert nye fylkeskilje nokon gong håpar eg Møre og Romsdal vert delt på midten. Trur Sunnmøre har meir å bidra med på Vestlandet enn i Midt-Noreg, der skjønar dei i alle fall litt meir av infrastrukturen. Er ikkje berre berre å legge ned aktivitetar når det er fjordar og fjell alle vegar.

Det skal seiast at eg ikkje veit alt om sjukehusdebatten på Sunnmøre, sikkert mykje viktig eg burde setje meg inn i. Det eg veit er at eg ikkje synes pengar alltid skal vere den ultimate målestokken, og at samfunnsøkonomane sine nytte-kostnadsanalysar må vurderast. Er det bra at alle verdiar skal reknast om til økonomiske verdiar?

Advertisements


Langsiktig tenking
september 20, 2010, 13:41
Filed under: Jobb | Stikkord: , ,

Eg har berre langsiktige oppgåver på jobb. Slike eg skal gjere når eg ikkje har noko anna å gjere. Slike eg kan ta på sikt og innimellom. No har eg berre slike. Det er ikkje så lett. Det kjennes ganske likt som å skrive masteroppgåve når det framleis er over eit halvt år til innlevering, bortsett frå at eg kan slutte å tenkje klokka fire. Eg må innrømme at effektiviteten ikkje er på topp.

Langsiktiglangsiktiglangsiktig.

No tok eg eit bilete av min fine pult. Om denne pcen hadde hatt blåtann skulle eg vist det fram. Det kan eg ikkje.