Tankeveven


It gets better
oktober 29, 2010, 15:37
Filed under: Resten | Stikkord: , , , ,

Eg diggar «It gets better project». Sjølvsagd hadde det vore enda betre om prosjektet var unødvendig, og tenåringar ikkje tok livet sitt fordi dei hade det kjipt. Det er likevel så fint å sjå desse videoane. Eg har ikkje sett mange, har svært mange igjen eg kan kose meg med. Det har jo tatt heilt av, og det er fantastisk. Det er eit supert bodskap. Håpar nokon av ungdommane ser på dette her.

I dag har eg hovudsakleg sett korvideoar. Mellom anna denne, som var klisjéfin:

 

Denne, den var morosam:

 

Og denne. Dei kule ungdommane, og så syng dei så fint:

Bra nokre unge folk òg legg ut videoar, så tenåringane ser dei ikkje treng vente så lenge!

 

Der er mange andre fine videoar, veldig mange har lagt ut videoar der dei fortel si eiga historie, og viser at det vart betre. Om du vil sjå fleire videoar, så er youtube-kanalen deira her, og gå til heimesida deira, der har dei både videoar og informasjon.

Advertisements


Carl I. avisa
mai 21, 2010, 20:28
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Det er mykje om å vere annleis for tida, no er det Carl I. Hagen som har gått ut mot sin tidligare svigerson, no Lise Lindalen i programmet «Jentene på Toten». Han meiner at svigersonen har drive med løgn, då han ikkje kom ut for ekskona si før etter dei hadde stifta familie, og at borna var livredde for at han skulle hente dei i kvinnekle. Han er sint for at Lise allereie visste om sitt eigentlege kjønn frå 6-årsalderen, utan å seie noko. Lise svarar i Aftenposten, og seier at ho kom ut til kona straks etter ho hadde erkjend det for seg sjølv.

Eg skal ikkje gå inn på denne familiekonflikta som aldri burde vore i media, men Hagen sine utsegn støttar vel at homoeventyr og rom for ulike kjønnsroller i barnehagen har noko for seg. I eit mindre heteronormativt samfunn er det nok lettare å vere sann mot både seg sjølv og andre. Sjølv om eg tvilar på at det er den vegen Hagen vil gå.



Mindretalsdiktatur og barnehagar
mai 18, 2010, 18:36
Filed under: Resten | Stikkord: ,

11. mai var Øyvind Benestad i Vårt land og ba foreldre protestere mot «snik-homofisering av barnehagen». Dette var ein reaksjon på at regjeringa har oppfordra barnehagar til å bruke eventyr og bøker med homofile karakterar. I tillegg vert dei oppfordra til å bruke historiar som har andre kjønnsrollemønster enn dei tradisjonelle, mellom anna prinsessa som reddar prinsen, og kongen som heller vil vere med borna sine enn å styre riket.

I følgje Benestad er dette å utsetje norske born for radikal homoideologi, og  at borna no kjem til å spørre seg sjølv om dei er hetero, homo, bi eller poly frå dei er 3-4 år. Han meiner at homokampen berre er i første fase i kampen for å skape eit samfunn kjenneteikna av samlivsmessig anarki, der alt skal vere like naturleg, normalt og bra. At den lille andelen homofile i Noreg skal få legge premissa for staten og barnehagane sin samlivsideologi kan med rette kallast mindretalsdiktatur, seier Benestad.

Ein annan som har reagert på dette er Amir Tauqir Chaudhary, som har starta ei gruppe på facebook mot at barnehageborn skal lære om homofili, då det er eit svært komplisert og omdiskutert tema. Det er mange element i ein læringsprosess, det er ikkje berre  fortelje ting og  rekne med at borna skal skjøne det. Han meiner det strider mot born sine rettar å lære om homofili, då det ikkje gjev dei fridom til å velje, tenke og rett på informasjon nevnt i barnekonvensjon ifra UNICEF.

Er det betre for samfunnet å ha eit fleirtalsdiktatur, der den heterofile majoritetn kan gifte seg, men ikkje den homofile minoriteten? Eller eit samfunn der alle kan gifte seg, fordi lova fekk fleirtal på Stortinget, av dei politikarane fleirtalet i staten har stemt inn? I demokrati skal ein ta vare på minoritetane, elles kan det lett bli fleirtalstyranni. Då hadde det ikkje gått vegen for dei konservative kristne heller, vil eg tru.

Argumenta til motstandarane får meg til å lure på kva det er dei trur barnehagane skal fortelje borna. Eg tvilar på det er anna enn at «dei fleste menn likar kvinner, men nokon likar menn». Ei som kommenterte eit av desse innlegga ønskte at hennar born skal høyre om homofili frå ho først, ikkje av andre. Ho hadde fått høyre om homofili første gong på skulen, og då hadde ho blitt livredd sidan ho aldri hadde høyrt om dette før. Vel, kanskje det er nettopp for å unngå slike situasjonar når ein har blitt større at born har godt av å lære at det finst meir enn ein type familie, allereie frå dei er små.

Den interesserte kan lese heftet her.

Hurra for mangfald i barnehagane!