Tankeveven


Ubuntu
august 13, 2010, 11:57
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Endeleg har internett vore ganske bra lenge nok til å laste ned Ubuntu igjen! Hurra!

Så no er eg ikkje avhengig av kapitalistmicrosoft lenger. Gode tider.

Advertisements


Sommaren nærmar seg slutten
august 10, 2010, 08:32
Filed under: Kva no?, Resten | Stikkord: , , ,

og sola kom ikkje tilbake. Nesten ikkje, i alle fall.

Eg har dårleg internett, så får korkje surfa eller spelt wow. Det har vore ei vanskeleg tid. Ein kan godt seie eg burde finne på noko anna, og det har eg gjort, eg har laga lange innfløkte familieforhold på sims.

No er denne gode tida med ingenting straks over, då eg plutseleg fekk ein jobb, og skal starte min akademiske karriere.

Elles føler eg eg burde engasjere meg i kraftlinjene over Hardanger, men eg klarar det ikkje heilt, og synes det er heilt greitt at SV har valt kampen mot olje i nord i staden for kampen mot kraftlinjene, så lenge dei snart kjem opp med nokre alternativ til olje i nord, sånn at andre stemmer på dei òg.  Dessutan vil dei byggje kraftlinjer gjennom Hjørundfjorden òg. Er det noko betre kanskje?



Master og sykkel
mai 6, 2010, 12:49
Filed under: Master, Resten | Stikkord: , ,

Eg er mislukka masterstudent for tida, men det gir meg i alle fall tid til å lese ting på internettet.

I dag har eg mellom anna blitt fascinert av gruppa «Ta en sykelist med døra dagen»* på facebook. På ca to døgn har denne fått  1143 medlem, eller personar som «likar» den. Då eg søkte på «syklist» fann eg i tillegg gruppene «For oss som hater syklister i veibanen», med 1874 medlem, og «Vi som misliker syklister på offentlige veier!!!», med  2981 medlem. I tillegg til mange andre grupper om «dumme» syklistar, men dette var dei med flest medlem.

Dei fleste av desse viser til at det er gang- og sykkelveg like ved. Så tenkjer eg at dei bør vere glade for at raske syklistar ikkje syklar på fortaua borna brukar til skulen. Men det slår meg at dei sikkert køyrte borna til døra,  så det hjelper ikkje. Eg meiner ein syklist som syklar raskt er høfleg når han syklar i vegen, då han heller set seg sjølv i fare i kampen mot dei store bilane, enn å køyre på dei menneska som framleis går stader, og enno ikkje har gjort seg avhengige av metallklossen «bil».

MEN, eg er glad for at det tydelegvis er blitt eit engasjement hos bileigarar som ein har sett lenge hos syklistar, nemleg ønskje om eigne sykkelvegar. Det er ikkje akkurat som om syklistane  ønskjer å sykle rett foran bilar som helst vil køyre 80, og opne døra si på deg.

Såå, tilbake til oppgåva.

*Skrivefeilen er forøvrig kommentert, med spørsmål om ein sykelist er ein syklist som er «syk». Svaret til dette var: «de fleste syklister er syke i huet ihvertfall :P»



Heimekontor
mai 5, 2010, 23:00
Filed under: Master | Stikkord: ,

I dag har eg hatt heimekontor. Det har ført til denne bloggen. Det er kjekt med heimekontor. Særleg når Frøkna òg er heime. I morgon trur eg ho tvinger meg til å gå på lesesalen. Men håpar eg får overtalt ho til heimekontor seinare i veka òg.