Tankeveven


Katteliv
mai 10, 2011, 15:38
Filed under: Katt | Stikkord: ,

I dag såg me ei ny side av katten. Me observerte han frå vindauget saman med ein annan katt, ein stripete ein, som me ga namnet Stripa. Pen katt, det var han.

Fant og Stripa verka å ha ein gjensidig interesse for kvarandre. Men så tok Stripa halen til Fant, og då vart han sinna og mjaua hankattbråkete tilbake over lengre tid medan han pressa Stripa opp ei trapp. Eg som trudde me hadde slik ein pinglepus!

Advertisements


Ull
november 25, 2010, 23:29
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Eg har fått meg ullbukse!

I fjor vinter såg eg at borna Frøkna passar hadde ullbukser, og vart svært misunneleg. Eg leitte og leitte etter noko slikt i voksenstørrelse, men neida. Heilt til i dag! I dag fann eg Devold ullbukse. Pen og rutete, og fantastisk behageleg. Mjuk og varm. Tenk at dei klarte å finne på noko sånt heilt utan at eg sa det til dei! Eg trur eg må ha telepatiske evner.

Den ultimate «kosebukse».

Katten og buksa chillar i sofaen



Gladnyhet!
november 11, 2010, 12:42
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Katt redda ut av tunnel i live. Gode greier.



Rotte
oktober 14, 2010, 16:28
Filed under: Jobb, Resten | Stikkord: , ,

I går fanga katten ei rotte. Sannsynlegvis. Han leikte i alle fall med ei på balkongen. Me lurer veldig på om han tok den opp dit eller om rotta kom opp av seg sjølv. Den er død no, kan ein trygt seie. Han var ikkje så snill med den, og han var veldig stolt av seg sjølv. Rulla på ryggen og gjorde seg fin.

I dag ser eg at det visstnok er mange rotter rundt omkring, grunna bybanen. Eg vil ikkje skulde på dei likevel, då eg likar bybanen godt. Dessutan var rotta litt pen, sjølv om eg helst ikkje vil han skal ta med så mange fleire nesten inn i leiligheten…

No er eg i lett rus etter å ha fått i meg musserende. Ganske behageleg, sånn i arbeidstida.



Overnattingsbesøk
september 15, 2010, 09:48
Filed under: Resten | Stikkord:

I dag tidlig, litt før ringeklokka, våkna eg og kjende eg ikkje kunne flytte beinet til venstre. Katten hadde nylig lagt seg i armkroken min, så det kunne ikkje vere han. Etterkvart som eg vart meir medviten la eg merke til at det var ein annan katt som låg på sida mi. Nabokatten låg i senga!

Dette var jo eit sjokk for oss. Frøkna gjekk ut i gangen og fann ut ho ikkje hadde låst døra i går, etter å ha vore ute og gitt nemnte nabokatt litt mat i gangen. Når døra ikkje er låst er det berre å dytte på den for å kome seg inn. Det gjorde altså herr nabokatt.

Heldig for oss at det ikkje var andre enn han som kom inn i natt! Han er jo ein relativt triveleg fyr. Trur likevel ikkje me gløymer å låse den døra igjen.



Katt
juni 11, 2010, 11:19
Filed under: Resten | Stikkord: ,

No når eg har ferie og er arbeidsledig tenkte eg at eg skulle ha mykje kvalitetstid med katten. Det tenkte visst ikkje han. Av og til ser me han i nokre glimt når han kjem inn for å ete, slik som her:

Fant hoppar både inn og ut. Sprek liten katt.



Nydusja Fant
mai 27, 2010, 21:24
Filed under: Resten | Stikkord:

Me dusja katten i dag!  Det var dramatisk. Og traumatisk. For både han og oss.

No vaskar han seg som ein gal, medan han skjelv av kulde og berre vil ligge heilt inntil. No når han er ferdig å vere sint på oss. Ikkje lett å vere dekt av pels.

Får håpe han vert fin!

Om blikk kunne drepe!