Tankeveven


Bursdagshelg
mai 3, 2011, 11:16
Filed under: Resten | Stikkord: , , , ,

I helga hadde eg bursdag og feira tre dagar
til ende. Det var kjekt. Helga var fylt med
venar, kjærast, sol, god mat, fancy alkohol,
konsert, fine presangar og Bergensbanen i nydeleg vêr. Eg er glad.

Det er så fint når det er vår, når menneska våknar igjen.

Advertisements


«Slipsalarm»
august 24, 2010, 16:43
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Det skal ikkje vere lett dette her med å kle seg. Eg likte denne kronikken, sjølv om eg nok trur det ikkje er like lett å vere feminin homofil mann som ho framstiller det. Det er nok ein balansegang mellom det feminine og maskuline som må beherskast og balanserast til det fulle for at dei skal bli dei populære homofile mennene. Samtidig er Ellen DeGeneres svært populær, og ho kan òg kunsten å balansere mellom det feminine og maskuline. Eg trur ikkje det er lett å vere korkje «traktorlesbe» eller «skrulle» om ein skal bli populær hos det store fleirtal.

Eg tenkjer sjølv når eg kler meg at det ikkje må vere «for homo», for då tenkjer alle at det er fordi eg er skeiv eg kler meg slik (tenkjer eg). Medan eg heller ikkje vil kle meg «for hetero», for det er jo ikkje meg (handveske og høge helar og liknande til kvardags). Kanskje eg har beherska balansen når eg er på DeGeneres sin alder. Eg håpar det.

Kva er det forøvrig som skjer for tida? Først gjorde Gro Hammerseng og Katja Nyberg det slutt, og no Vibeke Skofterud og kjærasten. Kva er dette for ein bølgje? Og så Hammerseng og Nyberg då :(

Hadde eg vore litt eldre og litt meir sporty og litt meir einsleg, kunne eg kanskje sett på dette som positive hendinger ;)



Ferje
juni 27, 2010, 21:33
Filed under: Resten | Stikkord: , , ,

Lenge sidan sist. Eg har vore på vakre Sunnmøre, kost meg mellom fjell og fjord. Gitt livet mitt til VØR og plassert resten i nokre kasser og posar.

I dag tok eg buss tilbake, på turen tek eg mange ferjer. Eg tenkte å presentere mitt ferjetriks:

Av dei som går ut av bilane og bussane og inn på ferja skal mange på do. Og alle stiller seg foran dei første doen dei ser. Ved å gå i ca 30 sekund til finn eg alltid ein do der det er ingen kø. Eller berre éin person. Då slepp eg å kaste vekk mykje tid i kø, tid eg kunne brukt på å lese. Det gjer eg berre på ferjene. Så eg føler meg like smart kvar gong eg går dei metrane ekstra.

På tysdag skal sommarferien halde fram. Eg, frøkna og syklane våre skal ta toget i eit døgn. Det vert kjekt!



Dikt
mai 31, 2010, 10:34
Filed under: Master | Stikkord: , ,

Eg drøymer om bading og grilling,
heile dagen lang.

Ikkje meir skriving og tenking,
på oppgåva så vrang.

Eit liv utan eksamen,
eit liv med vakrare klang.



Grafar
mai 24, 2010, 14:48
Filed under: Master | Stikkord: ,

Eg lagar grafar. Pene grafar med fargar på. Men eg vil ha ein med to x-aksar. Det får eg ikkje til.

Får du det til?



Frøken Normal
mai 7, 2010, 14:40
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Så vad gör man med sitt huvud när det fylls utav en röst
som orsakar så svåra samvetskval?
Hur tar man död på något som är rotat i en själv?
Hur tar man död på Fröken Normal?

Maud Lindström