Tankeveven


Julestemning
desember 9, 2010, 22:52
Filed under: Mat, Resten | Stikkord: ,

Julestemninga er på veg. Me har pynta med dei tre julepyntane me har. I dag har me skålda mandlar og prøvd oss på å lage karamell (usikker på korleis det vert). I morgon skal eg på julebord med jobb (for første gong). Snart skal me lage og pynte pepperkaker me skal henge opp til pynt (og ete). Og lage marsipan av mandlane. Masse marsipan.

Hura for jul!

Advertisements


Husmor
oktober 31, 2010, 09:41
Filed under: Mat | Stikkord: , ,

Ein av dei beste bieffektane med å ha jobb er at ein får helg. Når me har helger utan planar lagar me gjerne mat. I går vart det:

  • Bayonneskinke kjøpt i Danmark med ulike rotgrønsaker i ulike konsistensar til middag.
  • Eplemuffins med ostekrem til dessert.
  • Rundstykke sett  i kjøleskapet til kaldheving i går, til frukost i dag.

Skal seiast at sistnemnte ikkje heva særleg bra, men eg gir ikkje opp prosjekt kaldheving. Hadde eg ikkje gløymd overføringskabelen til kameraet i herlege København skulle eg lagd ved bilete av produksjonen ein laurdag ettermiddag.

Forøvrig er oppskriftene i stor grad inspirert av ein av matbloggane eg les, Trines Mektige Matblogg. Særs mykje god mat! Gler meg allereie til å prøve bollar etter hennar oppskrift.

No skal eg legge vekk husmormeg for ei stund. Satsar likevel på at ho kjem raskt tilbake.



Kjøtt
september 8, 2010, 12:58
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Hurra! Ein veganer som har innsett at det kanskje ikkje er å vere veganer som er svaret, men eit fornuftig forbruk av kjøtt og animalske produkt. George Monbiot i The Guardian. Lenkja er funne via Virrvarr.

Dette har eg vore einig i lenge, og trur eg vil lese boka han refererer til, Meat, A Benign Extravagance. Sjølvsagd er det mykje gale med landbruket slik det er i dag. Sjølvsagd burde dyr ha det betre, og menneske ete mindre kjøtt for å få brukt meir matjord på menneskemat enn dyremat. Dette er likevel ikkje uforeinleg med å ete kjøtt, egg, smør, alle animalske produkt som er viktig for oss, og gode. Det er ikkje akkurat betre for matjord og energiintensiteten å plante soya.

Dette kan koplast saman med utsegnet frå Utviklingsfondet om at det er småskalajordbruk som skal redde verda. Eg har trua!