Tankeveven


Politikarlogikk
november 24, 2010, 08:54
Filed under: Miljø | Stikkord: ,

Å ta vekk vrakpanten på vedovnar vil jo definitivt gjere at fleire folk kasserer vedovnane sine…

Advertisements


Cap & trade
september 20, 2010, 15:51
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Kan ein løyse klimautfordringane innan det kapitalistiske systemet? Det lurer eg ofte på.

Her nokon andre som lurer på noko liknande: Cap & trade. Historia om karbonhandel – ei «løysing» for å få ned CO2-nivået i atmosfæren som allereie er i bruk. Moro.

Eg likar Story of stuff-sida. Om du går inn dit og ikkje har sett den før, sjå gjerne vidoen om flaskevatn òg. Den er verdt det.



Kjøtt
september 8, 2010, 12:58
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Hurra! Ein veganer som har innsett at det kanskje ikkje er å vere veganer som er svaret, men eit fornuftig forbruk av kjøtt og animalske produkt. George Monbiot i The Guardian. Lenkja er funne via Virrvarr.

Dette har eg vore einig i lenge, og trur eg vil lese boka han refererer til, Meat, A Benign Extravagance. Sjølvsagd er det mykje gale med landbruket slik det er i dag. Sjølvsagd burde dyr ha det betre, og menneske ete mindre kjøtt for å få brukt meir matjord på menneskemat enn dyremat. Dette er likevel ikkje uforeinleg med å ete kjøtt, egg, smør, alle animalske produkt som er viktig for oss, og gode. Det er ikkje akkurat betre for matjord og energiintensiteten å plante soya.

Dette kan koplast saman med utsegnet frå Utviklingsfondet om at det er småskalajordbruk som skal redde verda. Eg har trua!



Flaskevatn
juni 11, 2010, 11:54
Filed under: Master, Resten | Stikkord: ,

Eg har jo no nettopp skrive ei oppgåve om vatn. I prosessen har eg lest om alt for mange som har utruleg dårlege vilkår for drikkevatn. Då eg sat i innspurten av denne oppgåva kom eg over desse artiklane hos Aftenposten: Flaskevann er tryggere enn springvann, og gamle rør kan gi mer magesyke.

Desse artiklane rakkar ned på kvaliteten på drikkevatnet i Noreg. Det er greitt nok det. Dårlege rør og vannverk utan rensing er ikkje bra, og så mykje vatn og pengar som me har burde me vente å ha godt drikkevatn. Men likevel gir artiklane inntrykk av å vere ein slags reklame for flaskevatn. Det aller meste vatnet i Noreg i dag er trygt. Samanlikna med dei fleste andre land er vatnet vårt fantastisk.

Flaskevatn har mange problem, det er ikkje slik at ein burde gå over til det for å vere trygg. I alt for mange land som har trygt vatn i springen drikk ein flaskevatn i staden, av redsel, eller fordi det smakar noko betre. Sjølv om mykje flaskevatn kjem frå same kjelda som springvatnet, sjølv om flaskevatn er mange gongar dyrare, sjølv om flaskevatn er mange gongar verre for miljøet. Her er ein fin film om flaskevatn:

The story of bottled water



Fly
mai 9, 2010, 16:02
Filed under: Resten | Stikkord:

Eg likar så godt askeskya. Det er jo uheldig for ambulansetransport og blabla, men eg likar så godt at folk må gjere andre ting enn å ta fly. Så eg set pris på at den framleis plagar flytrafikken rundt omkring.

Ein får berre håpe at både forbrukarar, næringsliv og politikarar får augene opp for at tog (og videokonferansar) er verdt å satse på. Heldigvis er «saktereising» allereie i ferd med å bli ein trend.