Tankeveven


Handskriving og slikt
november 3, 2010, 09:59
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Stakkars små studentar, er ikkje lett å skrive for hand. Ok, eg er kanskje litt streng med desse nye studentane som eg synes berre sutrar. Dei har ikkje skrive noko for hand på mange år, men eg meiner likevel dei har eit litt snevert syn.

  • Det er faktisk utruleg viktig at ein ikkje juksar på eksamen, og det bør vere så vanskeleg som mogleg. Det er vanskeleg å gjennomføre på pc, særleg med fleire hundre i same rom.
  • Det er likt for alle – det vil difor ikkje gå utover din karakter, frå eit normalfordelingsperspektiv, at di innlevering er litt dårlegare enn den hadde vore på pc. Sensor veit òg at det er skilnad på pc og handskriving.
  • Mange eksamenar etterkvart vert heimeeksamen, nokre er munnleg, nokre er mappeeksamenar, så det er ikkje slik at dine handskrivingsferdigheiter avgjer di universitetskarriere.
  • Om du har behov for det får du skrive på pc.

Studvest har tydelegvis ein agenda, det verker som dei har bestemt seg for at PC er greia. Eg lurer på kva resten av studentane tenkjer, dei som Studvest ikkje snakkar med? Er pc på eksamen og podcast av forelesninger dei viktigaste sakene for  studentar i dag?

Advertisements