Tankeveven


Bergen på riks-tv
desember 2, 2010, 23:14
Filed under: Luft | Stikkord: , ,

Bergen på kveldsnytt:

– Nei, kjem ikkje på tale å stenge Årstad skule sjølv om folk vert oppfordra til å ikkje opphalde seg i området.
– Nei, me kan ikkje innføre nokre tiltak, i alle fall ikkje datokøyring, får det går utover den enkelte sin bruk av bilen.

Omtrent det var det ho sa. Jammen godt dei vert framstilt i dårleg lys på NRK så resten av landet ser det òg.

Advertisements


Likestilling
oktober 28, 2010, 23:35
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Ei jente frå «Oslo-girls» på NRK no nettopp meinte at den unge generasjonen ikkje bryr seg så mykje om likestilling, fordi me liksom har kome forbi det. Jaja.



Koht
september 9, 2010, 23:18
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Christine Koht er så kul. Me ser på Koht på jobben for tida. Så då googla eg ho sjølvsagd, berre på gøy. Då fann eg mellom anna dette frå Klassekampen. Då uttalar ho mellom anna dette:

Jeg er veldig ego, men jeg er hensynsfull også. Noen har sagt til meg at de er redd for meg. Jeg mener de burde være redd for skikkelig slemme ting hvis en skal engasjere seg i det å være redd. Jeg opplever meg selv som ekstremt ufarlig. Jeg er kanskje en intimterrorist på en del områder. Men jeg tror ikke folk blir så støtt. Jeg tror heller de blir litt slitne hvis jeg prater litt mye.

Godt poeng. Kvifor engasjere seg i å vere redd for ufarlege ting når ein kan vere redd for superslemme ting?

Koht er fantastisk. Dessutan snakkar ho om «Pernille» heile tida. Det er kjekt.



Ferie
juli 23, 2010, 23:25
Filed under: Kva no?, Resten | Stikkord: , ,

Ferdig med Skins! Kva no? Me ser ekstramateriale for harde livet.

Heldigvis er det sol, og eg fekk endeleg bada i dag. Godt med sommar. Ikkje mykje av det på ferie i Lofoten/Vesterålen, sjølv om Frøken Lea faktisk bada to gongar. Eg vil ikkje seie eg er pingle, heller at ho er litt ekstrem.

Ferien var fin den, me koste oss med telt og sykling, og sykla ikkje så langt kvar dag. Me hevde gjennomsnittet ein dag då me sykla åtte mil (mot vanlegvis ca fire), grunna mangel på campingplassar og generelt flate stadar 150 meter frå hus som ikkje er myr i Vesterålen. Me endte opp ein stad med mykje mygg, men det var i alle fall ganske flatt og mjukt.

Vesterålen var koselegare enn Lofoten, det var litt flatare og litt mindre befolka. Midnattssola viste seg òg! Det gjorde den ikkje i Lofoten… Her er eit bilete av frøkna som klatrar i midnattsol på Uttakleiv:

Ikkje for det, Lofoten var bra og ganske så flatt på vegane det òg. Der møtte me dessutan fleire hyggelege folk, mellom anna to spanske syklistar og to tyske syklistar. Kjekt å sykle.

Spanjolane møtte me igjen i Bergen, då dei gjorde heile Noreg omtrent. Det er kjekt med sommar. Og no har me ståande invitasjon til Barcelona!

Det einaste som ikkje var kjekt med ferien var Sortland Camping – om du skal til Vesterålen kan du godt skippe heile Sortland, eigentleg. Me var der for å ta hurtigruta derfrå (som forøvrig var suuupergøy, me tok den til Bodø og mingla med dei rike godt voksne menneska frå alle land). Der sov me altså på det minst flate teltområdet eg har sett, og den dyraste campingen eg har sett.

Her er eit bilete av teltplassen:

Sjekk, det er jo ein bakke! Me var fascinert. I tillegg til at det var den dyraste campingen måtte ein òg betale for å dusje, og det var berre ei kokeplate som fungerte på kjøkkenet. Jeje. Me hadde no spart litt pengar på å sove ute i guds frie natur i alle fall ;)

(Do avoid Sortland Camping, there are so many nice campings in Lofoten and some in Vesterålen. So stay away, all english-speakers who turn up here.)

Hurra for sommar!



Skeiv film
juli 22, 2010, 23:34
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Me er vel tilbake frå ferie, og det var kjekt. Skal riktignok ha ein liten svertekampanje mot Sortland camping, men det får kome seinare. Her i Bergen har eg dårleg internett og mykje regn, det har difor blitt mykje dvd-sjåing. Mest på Skins, men me er snart ferdige og treng noko nytt. Me tenkte å fylle på homobiblioteket, og har funne mange filmar som kan vere aktuelle.

Har du sett nokon av desse og kan anbefale eller fråråde?

  • Nina’s heavenly delights
    Itty Bitty Titty Committee
    Same Sex Parents
    Producing Adults
    XXY
    Butch Jamie
    Treading Water
    A Love To Hide
    It’s In The Water
    Tru Loved
    Pourquoi Pas Moi?
    Round Trip
    Saving Face
    The Investigator
    Sugar Sweet
    The Incredibly True Adventures Of Two Girls In Love
    A Family Affair
    All over me
    Allt om min buske
    A Love to Keep
    Better Than Chocolate
    Between Two Women
    Be With Me
    Chinese Chocolate
    Clara’s Summer
    Die Boxerin
    Drool
    Floored by Love
    Go Fish
    Happy Endings
    Jack and Diane


Lisens
juni 8, 2010, 20:43
Filed under: Resten | Stikkord:

Lisenskontrolløren dukka plutseleg opp. Han måtte vel kome til slutt. Etter fem år i Bergen måtte det skje. Skal seiast at eg stort sett ikkje har hatt tv desse åra, men likevel.

Så i dag vart me lovlydige borgarar. Fullt ut. Puh.

Eg er jo for lisens, dessutan. Har vore litt teit å vere for lisens utan å betale det sjølv. Så no kan eg fullt ut vere for, både lisens og nrk. Det er gode greier i alle fall!



Stupid is the new loud
mai 28, 2010, 13:02
Filed under: Resten | Stikkord:

Seier Hilde Sandvik i ein super kommentar i BT. Om dårleg tv, at folk ser på det, og om korleis politikarar, media og næringsliv tener på at folk er dumme.

Kommentarfeltet er òg fantastisk. Mange er einige med Sandvik og det gjer meg glad. I tillegg er der morosame kommentarar som denne:

Kan dere slutte og skrive artikkler på nynorsk? Evt ta med en oversettelse på Bokmål.. Dette er jo helt forferdelig å lese..
Bokmål, skrives av cirka 85% av befolkningen til info…

Ja, kva kan ein seie?

Eg elskar kommentarfelt. Dei aller fleste er gøye å lese. Dei einaste kommentarfelta eg må halde meg langt unna for å kunne ha ein hyggeleg og produktiv dag er til artiklar om likestilling generelt og homorettar spesielt, i tillegg til om miljø/klima generelt og bybanen spesielt. Dei vert eg alltid trist og sint av. Og mistar totalt trua på verda. Men kommentarfeltet til ein artikkel om at folk er dumme gjer tvert imot dagen betre. Takk til Turid som viste meg kommentaren til Sandvik, og hurra for det!