Tankeveven


Handskriving og slikt
november 3, 2010, 09:59
Filed under: Resten | Stikkord: , ,

Stakkars små studentar, er ikkje lett å skrive for hand. Ok, eg er kanskje litt streng med desse nye studentane som eg synes berre sutrar. Dei har ikkje skrive noko for hand på mange år, men eg meiner likevel dei har eit litt snevert syn.

  • Det er faktisk utruleg viktig at ein ikkje juksar på eksamen, og det bør vere så vanskeleg som mogleg. Det er vanskeleg å gjennomføre på pc, særleg med fleire hundre i same rom.
  • Det er likt for alle – det vil difor ikkje gå utover din karakter, frå eit normalfordelingsperspektiv, at di innlevering er litt dårlegare enn den hadde vore på pc. Sensor veit òg at det er skilnad på pc og handskriving.
  • Mange eksamenar etterkvart vert heimeeksamen, nokre er munnleg, nokre er mappeeksamenar, så det er ikkje slik at dine handskrivingsferdigheiter avgjer di universitetskarriere.
  • Om du har behov for det får du skrive på pc.

Studvest har tydelegvis ein agenda, det verker som dei har bestemt seg for at PC er greia. Eg lurer på kva resten av studentane tenkjer, dei som Studvest ikkje snakkar med? Er pc på eksamen og podcast av forelesninger dei viktigaste sakene for  studentar i dag?

Advertisements


Postkort og moderne forelesninger
oktober 7, 2010, 09:28
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Ved Universitetet i Bergen, Oslo, Tromsø og NTNU er det starta ein kampanje for at studentar skal kreve meir «moderne» forelesninger.  Ein postkortkampanje. Dei meiner undervisninga er lik som den var for 60 år sidan, og illustrerer dette ved å vise to bilete av ein mann som underviser på tavla, eit gammalt og eit nytt bilete. Dei vil at studentar skal levere postkort til forelesarane, og krysse av på ein eller fleire av fem forslag:

  • podcast av forelesninger
  • skriftleg eksamen på PC
  • problembasert læring
  • aktiv bruk av internett i undervisninga
  • involverande undervisning

Eg likar ikkje denne kampanjen.
Eg føler den set fokus på feil ting når det handlar om studiekvalitet. Og at den ikkje ser at det faktisk har vore endring. Svært mykje endring, dei siste 60 åra. Men eg treng litt betre argument for å vere i mot den. Har du nokon?



Økonomi
september 14, 2010, 22:57
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I Noreg er utdanningssystemet gratis. Stort sett i alle fall. Om det framleis skal vere slik vert diskutert i Aftenposten i dag.

– Det er skikkelig urettferdig at vi må betale for utdannelsen vår, mens andre studenter får den gratis, sier BI-student Kari Øye Nilsen (23), som studerer siviløkonomi.

Vel, har ho tenkt på at ho går på ein privatskule?

Ja. Det ser ut som dei har tenkt på det. Planen til rektoren på BI er slik for å finansiere skulane:

Private og statlige skoler gis samme støtteordninger fra staten. I tillegg må skolene bidra med egne midler, som de tar inn gjennom å satse på videre- og etterutdanning.

Det skal altså ikkje vere eit skilje mellom privat og offentleg, og alle studentar i Noreg skal betale 30.000 kroner i året for å studere. Kva er greia med det? Dei meiner at det uansett er folk som har pengar som tek utdanning. Så då kan dei like gjerne fjerne høve til å studere for dei som ikkje har pengane.

Og tilbake til BI. Treng ein alle desse økonomane? Det er mange utdanningsmoglegheiter innan økonomi gratis i Noreg i dag. NHH, universiteta, fleire høgskular. Treng me fleire økonomar enn dei? Kan ikkje alle desse menneska med interesse for tal bli naturvitarar eller ingeniørar?

Privatskule er eit tilleggstilbod. Det er godt mogleg me treng fleire studieplassar i Noreg i dag. Er svaret å tvinge alle til å betale for studieplassen sin?



Lesesal og blåtann
mai 27, 2010, 13:09
Filed under: Master | Stikkord: , ,

I dag var eg, og til tider er eg, aleine på lesesalen. Det er keisamt. Difor tok eg eit bilete av pulten min, med mobilen, som eg så skulle overføre til pc-en via den fancy teknologien «bluetooth». Det viste seg lettare sagt enn gjort, då eg på eit tidligare tidspunkt har slått av prosessen som skal starte blåtann på pc-en min, noko eg sjølvsagd hadde gløymd.

Men etter mykje frustrasjon og alle slags prøvde tiltak hugsa eg på dette igjen, og kan difor laste opp dette vakre biletet:

Her er pulten min, med den fine pc-en.



Aprilsnarr?
mai 22, 2010, 14:26
Filed under: Resten | Stikkord:

Eg klarar ikkje å tru at dette er alvor. Hadde det berre vore 1. april.

Skuleelevar i Texas, og dei mange som kjøper skulebøker frå Texas, skal ikkje lenger lære om slaveri, men om «Atlantic triangular trade». Heller ikkje evolusjonsteorien skal dei lære om, og FN i tillegg til store miljøorganisasjonar skal omtalast som ein trussel mot amerikanaranes individuelle fridom. I tillegg til andre fine endringer i faget.

«They’re making a huge issue out of some very small changes. The people of Texas are simply trying to stop atheists and the extreme civil liberties lobby from taking over their history.» The independent