Tankeveven


Flaskevatn
juni 11, 2010, 11:54
Filed under: Master, Resten | Stikkord: ,

Eg har jo no nettopp skrive ei oppgåve om vatn. I prosessen har eg lest om alt for mange som har utruleg dårlege vilkår for drikkevatn. Då eg sat i innspurten av denne oppgåva kom eg over desse artiklane hos Aftenposten: Flaskevann er tryggere enn springvann, og gamle rør kan gi mer magesyke.

Desse artiklane rakkar ned på kvaliteten på drikkevatnet i Noreg. Det er greitt nok det. Dårlege rør og vannverk utan rensing er ikkje bra, og så mykje vatn og pengar som me har burde me vente å ha godt drikkevatn. Men likevel gir artiklane inntrykk av å vere ein slags reklame for flaskevatn. Det aller meste vatnet i Noreg i dag er trygt. Samanlikna med dei fleste andre land er vatnet vårt fantastisk.

Flaskevatn har mange problem, det er ikkje slik at ein burde gå over til det for å vere trygg. I alt for mange land som har trygt vatn i springen drikk ein flaskevatn i staden, av redsel, eller fordi det smakar noko betre. Sjølv om mykje flaskevatn kjem frå same kjelda som springvatnet, sjølv om flaskevatn er mange gongar dyrare, sjølv om flaskevatn er mange gongar verre for miljøet. Her er ein fin film om flaskevatn:

The story of bottled water

Advertisements