Tankeveven


Bursdagshelg
mai 3, 2011, 11:16
Filed under: Resten | Stikkord: , , , ,

I helga hadde eg bursdag og feira tre dagar
til ende. Det var kjekt. Helga var fylt med
venar, kjærast, sol, god mat, fancy alkohol,
konsert, fine presangar og Bergensbanen i nydeleg vêr. Eg er glad.

Det er så fint når det er vår, når menneska våknar igjen.

Advertisements


Tatt på senga!
desember 1, 2010, 12:54
Filed under: Miljø | Stikkord: , ,

Dårleg luft i Bergen i dag. Politikarane i sjokk. Ja, dette var jo heilt uventa!

Rare politikarar. Det har vore fint vêr og kaldt lenge, det er meldt fint vêr og kaldt lenge. Korleis kan dette kome som eit sjokk? Eg såg og lukta byrjinga av «giftlokket» over Danmarksplass både måndag og tysdag eg, og på luftkvalitet.no var det meldt gult og oransje i går. Så korleis dette kan ta politikarane på senga, DET skjønar ikkje eg.



Regn
august 31, 2010, 08:26
Filed under: Resten | Stikkord: ,

I dag sykla eg til jobb, i regnet. Mange andre sykla, mange gjekk. Det er ikkje like koseleg å sykle til jobb når det er regn. Alle ser ned. Og eg ser ned. Eg kunne ikkje sjå opp om eg ville ein gong, for regnet kom rett i augene mine, i tillegg til at nokon har stelt framskjermen på sykkelen min, så det kom enda meir regn i ansiktet mitt enn det elles hadde gjort.

Likevel veg det litt opp for at det er mindre koseleg at eg føler ein slags fellesskap med alle andre som er ute i regnet med regntøy (ikkje dei som har paraply, dei ser jo like fine ut som vanleg). Regntøy, som vert vått og må henge til tørk når me kjem fram, heilt til me skal ut i regnet og det vert vått igjen. Eg likar å sjå på dei andre som har regntøy. Kunne berre ønskje eg kunne sjå litt betre gjennom regnet.



Dikt
mai 31, 2010, 10:34
Filed under: Master | Stikkord: , ,

Eg drøymer om bading og grilling,
heile dagen lang.

Ikkje meir skriving og tenking,
på oppgåva så vrang.

Eit liv utan eksamen,
eit liv med vakrare klang.



Heimekontor II
mai 11, 2010, 12:44
Filed under: Master | Stikkord: , ,

Skriveskriveskriveskrive. Eg og katten har heimekontor, så slepp me å vere ute i snøen. Me brukar heller dagen under/over ullteppet foran pcen, og filosoferer over skilnadane mellon Ghana og Benin si drikkevatnfordeling.