Tankeveven


Klage på støy og bråk
mai 12, 2011, 19:25
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Buekorps er fint og flott. Dei marsjerer forbi, i takt stort sett, og så marsjerer dei kanskje tilbake igjen litt seinare. Eg skjønar ikkje heilt kvifor dei ikkje kan lære seg litt meir enn å marsjere alle dei som berre går der, dei kunne vel fått spele tromme, eller kanskje nokre andre instrument? Likevel – heilt fin aktivitet og fint innslag i Bergen by.

Inntil nylig trudde eg at buekorps mellom anna handla om disiplin, og å lære seg disiplin. Etter å ha spelt fleire gongar med eit buekorps, og budd i Sandviken saman med nokre fleire buekorps har eg lært at det i alle fall ikkje er tilfelle. Dei må bråke kvar einaste gong dei ikkje gjer noko organisert.

No har det stått tre gutar i over 40 min rett nedanfor huset mitt og spelt omtrent utan stopp. Bråk, bråk, bråk. Kan eg melde dei til politiet?

Advertisements


Katteliv
mai 10, 2011, 15:38
Filed under: Katt | Stikkord: ,

I dag såg me ei ny side av katten. Me observerte han frå vindauget saman med ein annan katt, ein stripete ein, som me ga namnet Stripa. Pen katt, det var han.

Fant og Stripa verka å ha ein gjensidig interesse for kvarandre. Men så tok Stripa halen til Fant, og då vart han sinna og mjaua hankattbråkete tilbake over lengre tid medan han pressa Stripa opp ei trapp. Eg som trudde me hadde slik ein pinglepus!



Bildeling
mai 3, 2011, 14:52
Filed under: Luft | Stikkord: , ,

Kanskje me skal endre kampanjestrategi?




Bussdagbok
mai 3, 2011, 11:57
Filed under: Luft, Resten | Stikkord: , ,

I ein og ein halv månad budde eg og frøkna hos hennar foreldre, altfor langt utanfor sentrum og altfor langt frå jobbane våre. I denne perioda tok me buss. Interessert som eg er i god kollektivtransport og god luft byrja eg med ei bussdagbok over bussturane våre, og når dei var forsinka og slikt. Diverre ga eg opp etter kvart, då opphaldet vart lengre der ute enn planlagd,  og motivasjonen forsvann etter kvart. Eg vil likevel oppsummere kva eg lærte av opphaldet og bussturane;)

  1. Kollektivtransporten i Bergen må bli betre: meir effektiv og meir påliteleg.
  2. Eg skal aldri bu så langt frå jobben min (ein time kvar veg når alt var i rute).
  3. GPS-tavler med ankomsttid er særs viktig. Ein dag kom me på tida, litt før, men etter å ha venta 15 min innsåg me at bussen hadde gått, og måtte så vente 15 min til på neste buss. Hadde me visst at den hadde gått då me kom til busstoppet kunne me anten gått inn og venta, eller byrja å gå. Begge deler hadde gjort turen meir behageleg.
  4. Ikkje ta buss i staden for bybane frå Nesttun, det er ein dårleg idé.
  5. Det MÅ bli kollektivfelt på motorvegane, så ekspressbussane kjem seg fram (og det må bli fleire ekspressbussar). Kven gidd ta bussen når alle som køyrer i bilen sin ser at bussen står i same køa og kjem like sakte fram?
  6. Internett på bybanen er gøy.
  7. Så vidt eg ser i skyss-bussrutene er dei faste tidspunkta tatt vekk. Der det før var utheva tidspunkt som viste at bussen var der til det tidspunktet. Er det tilfelle? Det er i såfall ein særs dårleg idé. Bussar må ikkje gå for tidleg.
  8. Bybanen er eit framskritt – då den ikkje står i kø og går så ofte at det ikkje gjer noko om bussen du tek dit er forsinka. Andre vegen er det verre, og bussen burde kanskje vente på den banen som den i ruta er sett opp som å korrespondere med.

Stem Byluftlisten inn i fylkestinget (og kommunestyret) for betre buss ;)



Bursdagshelg
mai 3, 2011, 11:16
Filed under: Resten | Stikkord: , , , ,

I helga hadde eg bursdag og feira tre dagar
til ende. Det var kjekt. Helga var fylt med
venar, kjærast, sol, god mat, fancy alkohol,
konsert, fine presangar og Bergensbanen i nydeleg vêr. Eg er glad.

Det er så fint når det er vår, når menneska våknar igjen.



Parantes
februar 13, 2011, 11:30
Filed under: Resten | Stikkord: ,

Denne var slem, synes eg.



Bergen by
februar 9, 2011, 10:21
Filed under: Luft, Miljø | Stikkord: , , ,

«Bergen skal gå fra adskilte sovebyer til lokalsamfunn med egen identitet.»

Endeleg skjer det litt i Bergen. Forhåpentlegvis i alle fall. Eg skjønar ikkje korleis planlegginga av denne byen har gått føre seg? Alle må køyre og borna må busse – sjølv i folketette og barnefulle område må dei busse til skulen. Det burde vere eit utgangspunkt for utbygging av nye byggefelt at born flest skal gå og sykle til skulen, i alle fall på barneskulen.

Dei voksne derimot må køyre, sidan bussane brukar dobbelt så lang tid til byen, og ein har jo ikkje tid til å kaste vekk livet sitt på buss når ein har alternativ. Det skjer jo dessutan ingenting i bydelane – sidan bustadar, arbeidsplassar, butikkar og kulturtilbod er plassert langt frå kvarandre, i staden for å blande ulike aktivitetar og lage aktive bydelar og nærmiljø.

Eg håpar på reformering av Bergen som by. For det er jo så fint her.